annonse

– Eit grovt svik mot borna våre

SVIK
SVIK: Fleirtalet av politikarane i Vaksdal har svike borna når modulskulen kjem på Stanghelle, meiner Bodhild Laastad. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

+ – Fleirtalet av ­politikarane våre har valt å sjå heilt bort frå omsynet til borna, og det er eit grovt svik mot dei, meiner Bodhild Laastad.

Jan-Egil Dyvik

Laastad er ei av dei som har engasjert­ seg for å få modul­skule i bygdene der borna bur.

Ho har i mange år vore revisor, og er også kritisk til svara som kommunen har fått når det gjeld kva som kan førast på investering­ og drift, i det største skuleprosjektet Vaksdal kommunen nokon gong har hatt.

– Ved å vedta at mellombels modulskule skal leggjast til Stanghelle, har politikarane våre svike borna i aldersgruppa 5–13 frå Dale Vaksdal og Stanghelle, grovt, seier ho i ein kommentar etter formannskapsmøtet måndag.

Ingen god kommune for born?

Ho meiner politikarane har valt å sjå heilt bort frå omsynet til borna, interessene deira og tryggleiken.

– Som bestemor til ei lita jente – som framleis vil vera fem år ved skulestart i august 2018 – må eg tolka dette som at Vaksdal kommune ikkje ynskjer å vera ein god kommune for borna og foreldra deira, meiner ho.

– I staden for å ynskja barnefamiliane velkomne og leggja til rette for ein god oppvekst – og dermed sikra kommunen si framtid – vél posisjonspolitikarane (minus KrF) å tenkja som ein kalkulator og med eit hjarte av stein.

– Det er ikkje slike politikarar eg ynskjer skal ta livsviktige avgjerder for mine eigne og andre sine barneborn, understrekar ho.

– Feig framferd

Laastad er enormt skuffa over dei folkevalde som sit i posisjon. I staden for å vera opne for saklege argument og lytta til ei stor innbyggjargruppe, let dei seg styra av administrasjonen og omsynet til eigen prestisje.

– Det er feigt. Det er ikkje slike folkevalde og ein slik administrasjon me vil ha til å styra utviklinga i kommunen og framtida til borna våre, seier Laastad.

Også Marius Kvamme Tollefsen, som også har engasjert seg mellom anna med ei eiga Facebook-gruppe og innsamling av underskrifter for modulskular på Dale og Vaksdal, er skuffa over avgjerda som kom måndag.

– Eg er skuffa, lei meg og irritert – og litt forbanna. Eg ber på ei stor, kaotisk pakke av kjensler etter formannskapsmøtet. Ingen av oss kjenner at den avgjerda som er teken kan vera rett, seier han.

Han fortel at det også var foreldre som tok til tårene utanfor kommunehuset på Dale måndag då saka var over.

Undrande

– Representantar frå Ap seier i formannskapsmøtet at deira sterkaste argument i saka, som vart avgjerande, er at dei ynskjer Stanghelle, på grunn av ein forhøya TEK 10-standard, sidan skulen skal liggja der i fire år, seier Tollefsen Kvamme vidare.

Dette meinte vedkomande var best for borna.

– Det er då eg undrar meg om dei i det heile teke har sett seg inn i saka. Det står klart og tydeleg i tilbodsdokumenta frå Vaksdal kommune, at dei skal søkja dispensasjon frå UU (universell utforming) for rom i andre høgda for modulskulen på Stanghelle. Det vil seia ingen heis eller tilrettelegging for rulle­stolbrukarar, påpeikar han.

Det fleire som kjem til å gå på denne modulskulen, som alt sit i rullestol, veit Tollfesen.

– Og det er heller ikkje informert om korleis dei har planlagt å transportera born med spesielle behov heller, legg han til.

Saknar utgreiingar

Telefonen hans har gått seg varm etter møtet, folk tek kontakt, både foreldre, besteforeldre, tanter og onklar har no fått nok, seier Tollefsen.

– Borna sitt ve og vel har ikkje vore teke på alvor. Me har ikkje sett utgreiingar om det psykososiale miljøet til borna. Utgreiingar som handlar om trivsel, stabilitet og tryggleik i det nye skulemiljøet på Stanghelle, som skal vara i to år. Før ei ny gruppe kjem til skulen. At det manglar, er eg svært kritisk til, seier han.

Han legg til at saka ikkje er ferdig frå foreldra si side, og at ein arbeider vidare og har teke kontakt lenger oppe i det politiske og administrative systemet for å finna andre løysingar.

– Eg har ikkje lyst til å seia så mykje meir enn det no, men me skal halda saka fram. Det treng i alle fall ingen tvila på, legg han til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.