annonse

Eit langt lerret å bleika

OPE ARKIV
Ope arkiv: Det har vore eit omfattande arbeide å digitalisera årgangane av Hordaland. (Foto: Terje Hjartnes)
ER DIGITALISERT
ER DIGITALISERT: Konsernleiar Ingrid Kløve-Graue (til v.) og seniorkonsulent Astrid Kløve-Graue under arbeidet med å digitalisera avisa sitt arkiv. (Foto: Vidar Herre)

Å digitalisera 134 år avis­historie er ikkje gjort i ei handvending.

Nils Kvamsdal

I det 2017 går mot slutten, er eit mangeårig arbeid med å sikra eit unikt stykke lokalhistorie for all ettertid fullført.

– Ein ting er å ta vare på og sikra vår eiga historie, eit anna viktig moment har vore å gjera heile denne kulturskatten tilgjengeleg for alle våre trufaste abonnentar, seier Ingrid Kløve-Graue.

Konsernleiaren har, saman med mor Astrid, stått for det massive førearbeidet til sjølve digitaliseringsprosessen.

– Me har bladd oss gjennom kvar einaste side i kvar einaste årgang, før me sende dei frå oss. Fann me enkeltsider eller utgåver med dårleg trykk, og var så heldige å ha dublettar som var i betre stand, la me desse ved den einskilde årgangen. Tek me med dei avisene som alt låg i det digitale arkivet vårt frå dei seinaste åra, snakkar me om godt over 140.000 avissider.

Trykk her for å søkja i arkivet. 

Zissor

For ein del år attende drøfta styret i Hordaland tanken om å overføra alle Hordaland-årgangane til mikrofilm, som var måten ein gjorde det på den gongen. Det vart aldri noko av.

– På eit landsmøte for Lands­laget for lokalaviser (LLA) kom eg i kontakt med Tor Arve Vartdal.

Han kunne fortelja at firmaet han representerer, Zissor i Drammen, var i full gang med å digitalisera andre lokalaviser rundt om i landet, og at tilbakemeldingane var gode.

Kostesam last

Dermed var det ikkje så lang veg frå tanke til handling. Etter at alle dei 140.000 avissidene var kontrollerte og kvar einskild årgang pakka i bobleplast, fekk Hordaland pallegrossisten på Dale til å spesiallaga to kontainerar som årgangane forsiktig vart pakka ned i. 1. mars i år la traileren i veg over Hardangervidda.

Køyreturen gjekk via Oslo til Stockholm, for omlasting og transport til Sveits.

– Det var ikkje berre berre å sjå bilen leggja i veg med den uerstattelege lasta, på vinterføre. Hadde det vore sommar, hadde me faktisk seriøst å køyra fylgjebil heilt fram, seier Ingrid Kløve-Graue.

Dei to tonna med aviser var spesialforsikra for 1,5 millionar kroner, ein sum som ikkje på nokon måte kunne ha godtgjort den uerstattelege lasta.

Skanna

Firmaet i Sveits har ein spesialbygd skanner for avissider. Tabloidsidene vart skanna to og to, medan dei gamle fullformatsidene mått skannast ei og ei. Kvar einskild side vart skoren sirleg laus frå ryggen i årgangspermen før ho vart skanna. Deretter vart sida plukka varsamt opp av elektroniske «fingrar» som la henne på rett plass – før årgangen endeleg vart stroppa saman.

18. september mottok Ingrid Kløve-Graue den etterlengta meldinga som sa: «I går ettermiddag ble bøkene til Hordaland hentet (iht. avtale), og de er nå på vei hjem».

– Eg må vedgå at det var svært godt å få papir-årgangane til Hordaland og VaksdalPosten – som vart digitalisert samstundes – heimatt, seier Kløve-Graue.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.