annonse

Eitt felt opna på riksvegen

EITT FELT
EITT FELT: Frå torsdag kveld vart det sett opp ljosregulering på riksveg 13 forbi søkkjeholet. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Etter fleire månadar med arbeid i samband med eit søkkjehol på riksveg 13 ved Vetleflaten er eitt felt opna.

Marita Saue Hamre

Torsdag kveld i 20-tida opna eitt felt ved søkkjeholet på riksveg 13 ved Vetleflaten.

Fredag føremiddag var det mykje trafikk, og ljosregulering på området.

Det var ikkje arbeid i gang ved søkkjeholet då Hordaland tok turen bort.

Les òg:

Ei gammal stikkrenna

Ifylgje planen til Bente Bergstø hjå Statens vegvesen vert det snart normal trafikk på staden.

– Planen vår vidare er i alle fall at det skal vera normal trafikk og to køyrebanar opne til 20. juni, opplyste Bergstø til Hordaland i mai.

SØKKJEHOLET
SØKKJEHOLET: I mars vart søkkjeholet tilfeldigvis oppdaga av forbipasserande. I mellomtida har det vore stengd veg, i tillegg til ljosregulering. Foto: Stine Strand Carlsen

Det var ei gammal stikkrenne, ei såkalla kisteveit som Vegvesenet trur er rundt 150 år gammal, som kollapsa.

Denne låg under riksvegen og jernbanelina.

Tilfeldig oppdaga

I mars vart søkkjeholet tilfeldigvis oppdaga av forbipasserande.

Holet i bakken ved Vetleflaten omsorgssenter var rundt sju meter under bakken.

– Då vart me litt skremde. Det er eit temmeleg djupt hol, og me lyt nesten sju meter ned for å få oversikt over kva som har skjedd, sa byggjeleiaren hjå Statens vegvesen til Hordaland i mars.

I mellomtida har det vore stengd veg, i tillegg til ljosregulering.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse