annonse

Ekstremsportveko til Oslo i mai

EKSTREMSPORT
EKSTREMSPORT: Veko kjem til Oslo i mai. Her frå då Frode Johannessen hoppa base over Prestegardslandet i fjor. (Foto: Vidar Herre)

Ekstremsportveko på Voss går av stabelen 24. juni, men arrangøren vil i mai gje Oslo ein smakebit av ekstrem­sportfestivalen.

  • NPK-NTB

Ekstremsportveko kjem til hovudstaden­ 5. mai. Målet med éindagsarrangementet, som arrangøren kallar «Osloveko», er at fleire skal få oppleva ein liten bit av aktivitetane i Ekstrem­sportveko før starten i Voss i juni.

– Det blir heilt unikt å sjå dette i Oslo. Du vil kunna oppleva luftige stunts i Bjørvika, og elvepadlarar skal sjokkera kaffi­hipsterane på Grünerløkka, ­seier dagleg leiar Kjetil Kriken.

Han forsikrar at det ikkje er snakk om noko flytting til ­hovudstaden.

– Nei då, me trivst godt på Voss. Ekstremsportveko skal halda fram med å vera på Voss i framtida òg, seier Kriken.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.