annonse

Elbilane fyrer opp bilsalet

STOR DEL EL
STOR DEL EL: I mars var nær 40 prosent av alle nye bilar som blei registrerte, elbilar. For heile 2017 var tilsvarande tal 21 prosent. Dieseldelen var elles 16 prosent, i 2013 var meir enn halvparten av dei nye bilane dieseldrivne. (Foto: Lise Åserud/NTB Scanpix)
FULL FART
FULL FART: Den nye Nissan Leaf-modellen sette ein solid registreringsrekord i mars. (Foto: Morten Abrahamsen)
REKORD I MANGE ÅR
REKORD I MANGE ÅR: I mai 1986 blei det registrert 1454 nye Ford Sierra, ein rekord som blei ståande til Tesla Model S nådde 1493 i mars for fire år sidan. (Foto: Thor Fredrik Sundene)
KJEM I BOLKAR
KJEM I BOLKAR: Tesla-leveringane kjem gjerne i bolkar, slik at tala for nybilregistreringar kan variera mykje frå månad til månad. (Foto: GRØTT, Vegard Wivestad/NTB Scanpix)
TIL SOMMAREN
TIL SOMMAREN: Den fyrste elbilen til Jaguar er venta på den norske marknaden i sommar. Mange nordmenn har betalt depositum for å få ein plass i leveringskøen. (Foto: Morten Abrahamsen)

2018 starta elendig når det gjeld nybilregistreringar. Så kom mars med rekordtal, takka vera elbilane. Éin modell gjorde skikke­leg veg i vellinga.

  • Morten Abrahamsen/NPK-NTB

Etter ein svak start på året for bilsalet tok leveringstakten seg opp i mars, som blei 7,5 prosent betre enn i fjor. Det er særleg elbilane, og då i særklasse éin modell, som bidreg til resultatet. Ifylgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken vart det registrert 89 prosent fleire elbilar enn i mars 2017.

– Totaltalet på 5362 nye elbilar på éin månad er definitivt ny rekord, seier Øyvind Solberg Thorsen, direktør i Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Tek ein med bruktimporten, 831 bilar, blir totalen for elbilar 6193.

– Det er eit massivt hopp frå tidlegare rekordar, og den samla marknadsdelen for fyrste kvartal er også solid med heile 28,7 prosent. I heile fjor hadde elbilane 20,8 prosent nybildel. Me har store forventningar til framhaldet, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening i ei presse­melding.

Gjennom dei fyrste månadene i år blei det registrert 9686 elbilar. I tillegg blei 2594 bruktimportert.

Solid rekord

Elbilforeningen reknar med at det blir registrert mellom 50.000 og 55.000 nye elbilar i år, inkludert bruktimport. Dei fleste bilimportørane reknar med ein totalmarknad for personbilane på rundt 150.000 bilar.

– Dersom trenden frå fyrste kvartal blir fylgd opp, bør denne prognosen vera innan rekkjevidd, og det er også fleire modellar på veg inn i år, seier Bu.

Det var særleg éin elbilmodell som verkeleg fekk fart på sakene i mars.

– Nissan Leaf sette ny månadsrekord for fyrstegongsregistrering av ein ny elbil, fordelt på modellar, seier Thorsen.

2172 Leaf er ikkje berre den beste månadsnoteringa for ein elbilmodell, men også beste månadsnoteringa for ein bilmodell uansett drivline. Rekorden er eit godt stykke framfor den førre bestenoteringa som var 1626 Volkswagen Golf i juni 2015. Golf-rekorden inkluderte alle typar drivliner. Det var Tesla Model S som hadde den førre rekorden for ein modell med éi drivline. Rekorden blei sett i mars 2014 med 1493 selde.

– Mars var nok temmeleg ekstrem. Men me kan halda denne takten framover. Me hadde 6500 førehandsbestilte Leaf som me arbeider med å få levert, ordreinngangen er framleis god, og leveringstida er framleis seks til sju månader, seier Knut Arne Marcussen, kommunikasjonssjef i Nissan Norge.

Erfaring

Han meiner at fartstida til merket i elbilmarknaden, samanlikna med andre merke som kjem med den fyrste elbilmodellen sin, er viktig.

– Me dreg store fordelar av at dette er andre generasjon Leaf. Me gjorde dei erfaringane for sju-åtte år sidan som andre gjer no.

Mars var den fyrste store leveringsmånaden for den nye Leaf-modellen, mens den førre utgåva blei fasen ut ved årsskiftet etter å ha blitt seld i vel 35.000 eksemplar i Noreg. Det gjer at Leaf alt har ein opparbeidd marknad i Noreg.

– Samtidig er faktisk mange nye kundar. Til dømes folk som var leie av å venta på bilar frå andre merke, seier Marcussen.

Tesla hadde også ein god marsmånad i statistikken, leveringane i januar og februar låg på mellom 200 og 300 bilar, i mars var det 1699. Dette kjem av at bilane som skal hit, i all hovudsak blir produserte i bolkar og så blir sende samla til Noreg.

Sjølv etter dei to fyrste svake månadene meinte mange av bilimportørane at sluttsummen i 2018 vil bli i nærleiken av dei 158.000 bilane i fjor, som var eit svært sterkt registreringsår.

– Det er lett å seia at bilsalet stuper, men det gjer det ikkje, sa Øystein Herland, administrerande direktør i Volvo i Norge, i starten av mars, og viste til spesielle forhold rundt årsskiftet.

No som marstala er klare, ser det ut til at dei optimistiske bilimportørane kan få rett.

Fleire modellar

I år vil det også koma fleire elbilmodellar med stor førehandsinteresse. Til sommaren blir det lansering av Jaguar I-Pace og Hyundai Kona, som begge har mange tusen kundar som har betalt depositum for køplass eller sett seg på liste. Ein gong i haust er truleg Audi e-tron og den heilelektriske versjonen av Kia Niro på plass.

– Me trur at marknaden vil ta seg opp, men er usikre på om det når nivået i fjor, seier Thorsen i Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Han trur at bilar som kan ladast, vil spela ei stor rolle i marknadsutviklinga framover.

– Høge registreringstal vil koma dersom tilgangen på nye elbilar og ladbare hybridar er god og i tråd med etterspurnaden.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.