Endå meir mistenkjeleg fotografering

Publisert 20.03.2017 kl. 14.16. Oppdatert kl. 14.30.

Tysdag førre veke gjekk politiet ut og åtvara mot folk som køyrer rundt for å ta bilete av garasjane og husværa til folk. Dei neste dagane fekk politiet inn fleire meldingar om liknande observasjonar gjort på Dale, Bolstad og i Raundalen. I helga har det også kome inn meldingar frå Vaksdal og frå Vikjavegen på Voss. - Folk er veldig observante og noterer seg både bilskilt og andre kjenneteikn. Det er viktig for at me skal vita kven som ferdast i området vårt, seier lensmann Ivar Hellene. Politiet trur observasjonane kan dreia seg om kriminelle som driv med kartlegging.