annonse

– Endå ein tragedie

TRAGISK
TRAGISK: Endå ei ulukke har skjedd på E16, og det er berre tragisk alt saman, meiner Stian Jordalen, som driv Shell-stasjonen på Dale. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)
ULUKKE
ULUKKE: Motorsykkelen vart funne i enden av denne strekninga, like før brua over jernbanen. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

– Dette var ein heilt spesiell dårleg start på dagen, då eg køyrde forbi ulukkesstaden på veg frå bustaden min i Johagen på Dalegarden, fortel Stian Jordalen.

Jan-Egil Dyvik

Han driv Shell-stasjonen på Dalegarden og bur nokre hundre meter nedanfor staden der dei to vart funne omkomne.

Jordalen forstod nokså fort at noko alvorleg hadde skjedd, då E16 var sperra av, men han fekk passera då han fortalde politiet han skulle på jobb like ved.

– Ekkel kjensle i magen

– Klart eg kjente det i magen då, og det gjer eg enno. Slike ting som dette er berre tragisk for alle. Og det eg såg på veg gjennom ulukkesområdet, spelar seg av om att og om att i hovudet på meg, seier ein tydeleg prega Jordalen.

Singelulukke

Frå overvakingsvideoen som han har tilgang til, kan han sjå at det er bra trafikk på E16 gjennom natta, og at ulukka skjedde litt etter kl. 01.15 om natta.

Kva som kan ha gjort at dette enda så tragisk, har han ikkje noko klar meining om.

– Dette vert berre spekulasjonar. Teknikarar har teke med seg motorsykkelen med tanke på finna eventuelle feil med han. Det einaste som vel er klart er at det ikkje er samanstøyt med andre køyretøy, som førte til det tragiske utfallet, seier Jordalen.

Endå ein tragedie

Det går lenge før den utidige kjensla i magen slepper taket, seier Jordalen vidare.

– Me får berre venta til me får vita meir om kva som har skjedd og kven det er, og stålsetja oss for det som måtte koma, seier Jordalen.

Så langt må me berre innfinna oss med at endå ei ulukke og ein tragedie har funne stad på E16 gjennom Vaksdal kommune, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse