annonse

– Enorm marknadsverdi for oss

PÅ SKI
PÅ SKI: Kari Traa og Wang Yuan. (Foto: Sverre Hjørnevik)
MEGASTJERNA MØTTE PRESSA
MEGASTJERNA MØTTE PRESSA: Wang Yuan vert intervjua av Leif Rune Løland i NRK. Spørsmåla måtte godkjennast på førehand. (Foto: Karl Ystanes)
FØREBUING AV SKITUR
FØREBUING AV SKITUR: Popstjerna frå Kina fekk med seg ein skitur med Kari Traa. (Foto: Karl Ystanes)
HEKTISK DAG PÅ JOBBEN
HEKTISK DAG PÅ JOBBEN: Kaia Finne hadde det travelt måndag, då kinesarane var på vitjing. (Foto: Karl Ystanes)
SAMAN I BAKKEN
SAMAN I BAKKEN: Wang Yuan og Kari Traa. (Foto: Sverre Hjørnevik)
FRÅ INNOVASJON NOREG
FRÅ INNOVASJON NOREG: Per Holta, marknadsdirektør for Innovasjon Norge i Asia, var til stades i Myrkdalen. (Foto: Karl Ystanes)

– Dette er marknadsføring me knapt kunne drøymt om, seier Kaia Finne i Myrkdalen Fjellandsby, om besøket av det kinesiske superidolet Wang Yuan.

Karl Ystanes

12 millionar kinesarar likar å stå på ski, og denne gruppa veks stadig. No vil Noreg invitera fleire av dei til norske skibakkar, og måndag fekk Myrkdalen draghjelp til si marknadsføring av det kvite eventyret.

Draghjelp frå ein litt uvanleg kant, nemleg eitt av dei aller største popidola i Kina for tida, Wang Yuan frå bandet TFBoys. Wang er Kina sitt svar på Justin Bieber, altså ei megastjerne med millionar av fans.

Superstjerne

At han valde Noreg, Bergen, Myrkdalen og Flåm som lokalitetar for å spela inn ikkje mindre enn tre musikkvideoar, er langt større enn kva me kanskje kan sjå for oss.

Idolet har millionar av tilhengjarar og folk som held seg oppdaterte på sosiale media kvar einaste dag. Jamvel til Myrkdalen kom fleire fans for å få eit glimt av helten sin.

Skileik med Kari Traa

Måndag reiste han saman med eit kameralag og resten av fylgjet sitt ut i bakkane i Myrkdalen, for å filma. Deretter var det tid for å helsa på representantar frå Innovasjon Noreg og norsk reiseliv, før OL-dronninga vår, Kari Traa, tok Wang med på litt fri skileik i løypene, som nett denne dagen skein i sola og baud på silkeføre.

Under besøket vart det sendt liv-streaming frå bakken, og sendinga nådde kring 34 millionar av sjåarar i Kina på Sina Weibo, som er Kina sin versjon av Twitter.

Ungt idol

Popyndlingen er berre 17 år, og har fokus på songen og musikken­. Men med tanke på at Myrkdalen, i samarbeid med regionalt reiseliv mellom anna i Flåm, har valt å satsa på Kina for å få fleire gjester hit i vintersesongen, kan ein knapt sjå for seg betre marknadsføring enn at Wang Yuan set Myrkdalen på kartet til nyfikne kinesiske skiløparar.

Uvurderleg reklame

Ein som kjenner Kina godt er Per Holta i Innovasjon Norge. Han har budd i landet i åtte år, og var til stades i Myrkdalen i går.

– Det er vanskeleg å seia kva dette kan gje av effekt reint konkret for det lokale reiselivet, men dette set for alvor vinter-Noreg på kartet i dette landet.

– Dette er marknadsføring me aldri kunne hatt råd til å betala for. At han kjem hit har ein enorm verdi for oss, seier Kaia Finne, marknadsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby.

– Det er rett og slett kjempestort for oss. Me har arbeidd ei stund med å retta oss mot marknaden i Kina, og med å leggja til rette for å selja reiselivsopplevingar i vintersesongen, saman med mellom andre Flåm. Dette er midt i løypa for det me jobbar for å oppnå, og eg er rett og slett kjempenøgd med at me får dette besøket i dag, seier Kaia Finne, som elles hadde si fulle hyre med å halda styr på både besøket og pressa.

Myrkdalen høvde godt

Wang Yuan fortalde på pressekonferansen etter skituren med Kari Traa, at han valde norsk natur og norsk landskap som kulissar for musikkvideoen av klare grunnar.

– Vinterlandskapet er svært vakkert, og roleg, og høver godt til songen eg har skrive. Eg har leitt etter stader som kan passa til songen, som kan vera rolege, og då me kom til Noreg, og hit, så merka eg at det stemte, sa den unge kinesiske megastjerna, som etter det stutte møtet med pressa, reiste ut att i bakken for å stå meir på ski. Litt kveldskøyring vart det etter det Hordaland kjenner til, også tid til, før Wang Yuan og fylgjet ­reiste attende til Bergen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.