annonse

Erna held fram som statsminister

STATSMINISTER
Statsminister: Erna Solberg, her under besøk på Fjose gard i august 2015, er etter alt å døma klar for nye år som statsminister. I bakgrunnen lokale høgretoppar Iril Schau Johansen og Sveinung Riber. (Foto: Ingerid Jordal)

Erna Solberg har gjort eit godt val og kjem til å halda fram som statsminister for Noreg. Dessutan tyder alt på at Terje Breivik får fire år til på Stortinget.

Geir Geitle

Arbeidarpartiet står fram som den store taparen etter stortingsvalet. Partiet gjekk tilbake etter fire år i opposisjon, noko som alle i partiet må vera kraftig misnøgde med.

Erna Solberg har derimot klart kunststykket å bli attvalt etter fire år som statsminister. Berre Kåre Willoch har klart det same på borgarleg side, då i 1985. Den gongen enda det med at Willoch gjekk av etter eitt år, noko som neppe skjer denne gongen.

Breivik spurta sterkt

Mykje av spenninga var knytt til våre tre kandidatar. Terje Breivik har gjort det godt i sluttspurten, og Venstre ser ut til å koma over sperregrensa på fire prosent. Og ulvikjen er inne som sistemandatet frå Hordaland er framleis ørlite usikkert tysdag morgon, men alt tyder på at Breivik kjem inn anten som sistemandatet frå Hordaland eller som utjamningsmandat.

Likevel opplever Venstre og Breivik sterkt fall i våre kommunar i indre Hordaland. Mellom anna er oppslutnaden halvert i heimkommunen hans, Ulvik.

Neppe fast plass til Bjørke

Nils T. Bjørke har gjort eit brakval i indre Hordaland, og Senterpartiet er største partiet på Voss. Likevel heldt det ikkje til at Senterpartiet får to mandat frå Hordaland.

Kjersti Toppe ser ut til å verta einaste Senterparti-representanten frå Hordaland på Stortinget, men legekvinna frå Bergen får Bjørke som ein sterk vararepresentant. Uansett har Senterpartiet og Bjørke gjort eit solid val.

Merkesdal vert vara

Linda Monsen Merkesdal må også førebu seg på ein periode som vararepresentant. Med sin sjetteplass på Ap-lista var ho ikkje i nærleiken, i og med at Ap berre får fire representantar frå Hordaland, og ikkje kjem i regjeringsposisjon.

Vossekvinna kunne fått plass som fast møtande vararepresentant med Ap i regjering, men det må Jonas Gahr Støre & co. skyta ei kvit pil etter, som fylgje av eit svært dårleg val.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.