annonse

Etter regnet kjem sola

NEDBØR TORSDAG
NEDBØR TORSDAG: Det regner på Voss i dag, men alt i morgon kjem sola tilbake. (Foto: Vidar Herre)

Torsdag har det kome ein god del nedbør på Voss, men etter regnet kjem sola tilbake.

Ingvild Siglen Berger

– Det ser ut til at sola kjem tilbake alt i morgon, seier meteorolog Martin Granerød hjå Vêrvarslinga på Vestlandet.

Han fortel at regnet vil minka utover ettermiddagen og kvelden torsdag, før sola vil gløtta fram mellom skyene igjen fredag.

– Med moglegheit for temperaturar over 20 grader. Det vert delvis skya, men ser ut til å verta ein fin maidag i morgon, seier Granerød.

Også laurdag vil starta greitt, med temperaturar på rundt 19–20 grader.

– Så vil det koma meir og meir skyer utover dagen, men nedbør på kvelden. Sundag vert det ei og anna regnbye, med sjansar for sol innimellom, fortel meteorologen.

Måndag og tysdag vil ifylgje han få temmeleg likt vêr som sundagen.

– Temperaturane ser ikkje så verst ut. Dei vert lågast sundag, men så kjem det seg igjen!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.