annonse

Evakuerer folk etter fleire jordras i Modalen

HER
HER: I dette området skal raset ha gått. (Foto: Gule sider / skjermdump)

Dei har vore innesperra etter ras.

  • Siri Flatlandsmo

Det opplyser 110 Hordaland på Twitter.

Brannvesen og politi skal vera involverte i redningsaksjonen. 

Ingen skal vera tekne av raset.

Fleire ras

Klokka 17.28 melde Vest politidistrikt om eit ras på fv 569 ved Stokkevika på Mo.

– Asfalt og steinar skal ha losna. Det regnar på staden, skriv politiet.

Vanskeleg å passera

Det er regn, lyn og torden på staden.

– Nokre store steinar gjer det vanskeleg å passera, skriv politiet.

Modalen: Ras av stein og jord over vei i Modalsvegen. Nødetater på vei.

— 110 Hordaland (@110Hordaland) July 30, 2019

Vert ikkje opna i dag

Vegtrafikksentralen melder at det dreier seg om ein stad nord for Slottsportentunnelen på fv 569.

 

Fleire ras

Klokka 18.30 melder brannvesenet om at det er fleire ras i Modalen.

– Evakuering av personer som har vært innesperret pågår, skriv dei på Twitter.

Politiet og brannvesen skal vera involverte i redningsaksjonen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse