annonse

Fallulukke i Myrkdalen

ARBEIDSULUKKE
ARBEIDSULUKKE: Ein mann i 50-åra er lettare skadd etter ei fallulukke på ein byggjeplass. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Vidar Herre)

Ein mann skal ha falle frå eit bygg i Myrkdalen.

Marita Saue Hamre

Klokka 09.23 fredag fekk politiet på Voss melding om ei fallulukke i samband med arbeid på eit bygg i Myrkdalen.

Ein mann i 50- åra skal ha falle ned gjennom taket på eit loft i ei leilegheit, i samband med arbeid i Myrkdalen Fjellandsby.

Arbeidsulukke

– Han fall rundt 3 meter ned frå loftet, fortel dagleg leiar i Seimen A/S, Nils Harald Seim.

Mannen var på arbeid for firmaet då ulukka skjedde. Arbeidstilsynet skal vera varsla, ifylgje politiet.

Etterforskar saka

– Politiet og ambulanse rykte ut til staden, seier Henning Hegbom hjå Voss lensmannsdistrikt.

Politiet skal etterforska på staden og opprettar sak på ulukka.

Klokka 14.00 melder Voss sjukehus at mannen er lettare skada.

– Ifylgje legen går det fint med han, seier Seim.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.