annonse

Familie på fire vart redda ned frå fjellet i Eidfjord

FEKK PROBLEM
FEKK PROBLEM: Familien på fire fekk problem på veg attende frå Leirhalsen i Eidfjord, der dei hadde vore på tur. Måndag morgon måtte dei hentast ut med luftambulanse. (Foto: Gule Sider)

Familien kom ut av kurs på veg tilbake frå tur til toppen Leirhalsen.

Sara Finne

Ein familie på fire fekk problem på veg attende frå Leirhalsen i Eidfjord, der dei hadde vore på tur.

Politiet tok imot meldinga frå familien klokka 04.35 måndag morgon, etter at dei hadde fått problem i nærleiken av Sysenvatnet.

Ei kvinna i 60-åra, hennar to born i 30-åra og eit barnebarn på ti år hadde vore på tur omkring 1240 meter over havet.

Dei starta på turen i 08-tida sundag morgon På veg attende kom dei ut av kurs, i tillegg til feilvurdering av både avstand og tid.

– Løypa var meir krevjande enn dei hadde trudd, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Politiet hadde kontakt med familien på mobil, og luftambulanse  vart send inn i fjellheimen trass i noko tåkete vêr. Klokka 06.30 landa luftambulansen på staden.

– Familien er no frakta trygt ut av området. Dei varmar seg, og forma er fin. Dei er også sett til av lege, og alt er i orden, seier operasjonsleiar Hellesund.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.