annonse

Far (97) mista førarkortet då son (63) øvelseskøyrde med promille

Føraren hadde langt over lovleg promillegrense.

  • Lisa Maria Breistein Sølvberg

Laurdag klokka 12.17 fekk politiet inn ei melding om mogleg promillekøyring i Hardangervegen. 

Det skal ha vore observert ein mann som drakk øl, og som sidan sette seg inn i ein bil og køyrde i retning Palmafossen.

Førarkort er inndrege 

Politiet leita etter bilen, og fekk stogga føraren. Han hadde promille på godt over lovleg grense. 

– Føraren påstår at han har øvelseskøyrd med faren sin. Difor rammar denne saka faren i bilen, og han har no fått inndrege førarkortet, fortel operasjonsleiar Morten Kronen hjå Vest politidistrikt. 

Adresse i Bergen

Sonen på 63 år vart stogga med både far (97) og mor i bilen. Operasjonsleiaren omtaler heile situasjonen som noko utanom det vanlege. 

– Uansett så høyrer ikkje alkohol og bilkøyring saman, seier Kronen. 
Føraren av bilen skal ha adresse registrert i Bergen. 

Det er oppretta sak på hendinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.