annonse

Fare for flaum på oransje nivå

USIKKERT OM DET VERT FLAUM
USIKKERT OM DET VERT FLAUM: NVE har varsla flaum på oransje nivå i indre strøk av Hordaland og i Rogaland, både i dag og torsdag, grunna regn og snøsmelting. Varselet er dermed på nest høgste nivå. Biletet frå flaum på Sundve er brukt for å illustrera saka. (Foto: Odd Hommedal/Arkiv)

Og torsdag kveld kan det verta full storm utsette plassar i kommunen.

Ingvild Siglen Berger

Yr.no melde onsdag føremiddag at eit kraftig stormsenter er på veg til Vestlandet, men det er litt usikkert korleis dette vil påverka Voss.

– Det vil nok blåsa godt i fjella, der det kan bli full og kanskje sterk storm frå i morgon kveld, seier meteorolog Kristin Seter hjå Vêrvarslinga på Vestlandet.

Seter fortel at me kan venta oss ein god del vind heile torsdagen, og at det vil ta seg opp utover kvelden.

– Men det kan komma kraftige vindkast i sentrum innimellom òg. Likevel er det kysten og fjella som er mest utsette, så eg ville ikkje tilrådd å reisa til fjells, seier meteorologen.

Intens periode

Frå tysdag morgon klokka 07.00 til onsdag morgon klokka 07.00 kom det 30,8 mm regn på Vossevangen.

– Voss er langt nede på lista, då enkelte stasjonar har målt over 100 mm, fortel Seter.

Meteorologen melder at det neste døgeret er venta lokalt mellom 50–90 mm nedbør.

– I ettermiddag til i morgon ettermiddag vert den mest intense perioden, men det er heller tvilsamt om dei største mengdene kjem på Voss. Det vil uansett halda fram å bytta ned, seier ho.

Kjøligare fredag

Regnet vil halda fram til torsdag kveld. Då slår den kraftigaste vinden til, og nedbøren går over til byevêr.

– Då vert det nok både regn- og haglbyer, og så sludd og snø etter kvart, seier Seter.

Med byevêr kjem det kjølige temperaturar.

– No har det vore veldig mildt, men i morgon kveld får me inn meir «normal» desemberluft, seier meteorologen.

Usikkert om flaum

NVE har varsla flaum på oransje nivå i indre strøk av Hordaland og i Rogaland, både i dag og torsdag, grunna regn og snøsmelting. Varselet er dermed på nest høgste nivå.

– Det er veldig usikkert kvar dei største nedbørsmengdene kjem, og kor høg snøgrensa vert. Snøen kan fanga opp ein del vatn, men har no alt vorte temmeleg våt. Så difor klarar den ikkje halda tilbake og det vil smelta ein del snø, fortel Anne Fleig, vakthavande hydrolog.

Ho seier at den mest intense nedbørsperioden er venta i natt og torsdag føremiddag.

– Det vert truleg uansett høgare vasstand i området. Det kjem såpass mykje nedbør at det berre er noko me ser kvart femte til tiande år, seier ho.

Snøskredfaren i Voss og Hardanger er onsdag på oransje nivå, som står for «betydeleg fare», men skal gå ned til gult nivå torsdag. Du kan halda deg oppdatert på varsom.no.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.