annonse

Fare for torevêr i ettermiddag

LYN
LYN: Det kan verta lyn og torevêr i ettermiddag. (Foto: Reinhardt Kulen)

– Det vil smella litt, melder meteorologane.

Stine Strand Carlsen

– Det er fare for lokale regnbyger i indre strok av Hordaland. Det kan óg bli torevêr, skriv Meteorologisk Institutt på Twitter.

– Kan smella litt!

Det kan dermed bli eit lite opphald i det strålande vêret me har hatt dei siste dagane.

– Nokre av bygene vert såpass kraftige at det vil smella litt. Typisk sommarvêr i Noreg! skriv dei vidare.

Men ut over kvelden og morgondagen vil det fine sommarvêret koma tilbake med varmegrader over 20-talet, skriv yr.no.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse