annonse

Fare for ureining frå kunstgrasbanen

KUNSTGRASBANE
KUNSTGRASBANE: Kan tiltak hindra at gummigranulatet som er brukt på kunstgrasbanen i Granvin endar som eit miljøproblem? Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Kan tiltak hindra at gummigranulatet som er brukt på kunstgrasbanen i Granvin endar som eit miljøproblem?

Sigrid Seim

Spørsmålet er reist av Granvin SV, og temaet vart teke opp i heradsstyret i Granvin nyleg. Espeland er uroleg for at granulatet endar i vassdraget, sidan banen ligg tett ved Granvinselva.

– Vil heradet ta initiativ til å byta ut granulatet, eventuelt med kork eller anna som er tilrådd, spurde Espeland.

Kjent med problemet

Ordførar Ingebjørg Winjum (V) svara med å visa til at det til no ikkje er funne brukande erstatningar for gummigranulat. At dette kan vera ei ureiningskjelde når det gjeld mikroplast, er godt kjent for dei som har ansvar for banen. Ordføraren viser til at banen ikkje vert brøytt om vinteren, slik det er vanleg mange andre stader. Brøytinga kan føra til at granulat fylgjer med snøen, ut av banen.

Fram til det er utvikla alternativ til granulatet vil miljødirektoratet koma med framlegg til strengare krav til drift av slike banar.

Ser etter tiltak

– Det er planlagt ei synfaring på kunstgrasbana når snø og tele er borte, for å sjå på om det er andre tiltak som kan gjerast for å hindra ureining, informerte ordføraren. Ho håpa det ville verta funne alternativ til granulatet som no er i bruk.

Banen i Granvin vart opna i 2010, og det er rekna 15–20 års levetid for slike anlegg, ifylgje ordføraren. Miljødirektoratet opplyser at kunstgrasbanar kan vera ei av dei aller største landbaserte kjeldene til mikroplast.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.