annonse

Fargerik jazz på heimebane

LEVERER
LEVERER: Signe Førre Trio får lange applausar under konserten sundag. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Signe Førre Trio leverer solid jazz på heile tre språk.

Siri Flatlandsmo

Signe Førre startar rett på sak med fengjande kontrabassiff. Det er fire år sidan den unge vossingen debuterte på Vossa Jazz som bandleiar i Vossasalen.

Den gongen var ho 19 år og Håkon Mjåset Johansen var med på trommer. Det er han denne gongen òg, saman med Erlend Slettevoll på tangentar, for å gjera trioen komplett.

Imponerer

Førre er både bassist og vokalist og gjev eit ærleg og sjarmerande lite tilgjort show. Stemma med den såre vibratoen kjem aller best fram i låtar som den klassiske «I cried a river over you» og ein jazza versjon av ein makedonsk folkesong. Førre imponerer då ho framfører denne på originalspråket. Å ikkje forstå teksten skyv fokuset over på musikken og stemninga for publikum. Den er ei ulukkeleg, men vakker kjærleikshistorie, og er eitt av dei overraskande høgdepunkta i konserten.

Trioen samspelar presist. Dei har god kontakt seg i mellom heile vegen. Men showet på scena kunne med fordel vore litt meir spenstig.

Personleg framføring

Førre skal ha ros for at ho vågar å vera personleg. Ho fortel om sitt gode forhold til diktanalyse då ho gjekk på vidaregåande skule på Voss. Då oppdaga ho Johan Sebastian Welhaven sitt dikt «Skjulte toner». No har ho tonesett det, som eit ordentleg stykke jazz.

Etter dette norske innslaget, får bandet opp farten og serverer ein rask jazz med heftige basstonar som Førre har skrive sjølv. Både ho sjølv, pianisten og trommeslagaren får vist seg skikkeleg fram. Johansen slår til med ein imponerande presis og dynamisk trommesolo.

Trioen får lange applausar på heimebane. Dei leverer ein konsert med ei solid blanding av standardjazz og meir overraskande element. Det er folkevisa og dei eigenskrivne låtane som skil seg mest ut, og som festar seg på minnet for ettertida.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.