annonse

Feira for full musikk i Granvin

KLEDDE TIL FEST
KLEDDE TIL FEST: Både store og små var pynta i finstasen denne onsdagen. (Foto: Sigrid Seim)
PRISVINNAR
PRISVINNAR: Ordførar Ingebjørg Winjum med prisvinnar Knut A. Kjerland. (Foto: Sigrid Seim)
LIV LAGA
LIV LAGA: Det vart liv langs vegen denne dagen, til og med lokal musikk. (Foto: Sigrid Seim)

Musikkglede sette sitt preg på feiringa av nasjonaldagen i Granvin.

Sigrid Seim

Etter 20 år med hjelp utanfrå gjekk folketoget i Granvin i år til rytmane frå Granvin skulemusikk att. Korpset har med god hjelp av vaksne støttespelarar på kort tid fått flott lyd i messing og trommer.

Tradisjonane vart fylgd, dermed venta det helsingar og talar ved samlinga i Mælandshagen. Arnstein Klovning og Tord Ivar Marøy fekk påskjøning for arbeidet med å vekkja skulemusikken til live att.

Har gledd seg til bunad

Niandeklassingane Marte Kristoffersen og Hanne Eitrheim hadde førebudd tale for dagen.

– Me har gledd oss til å gå i bunad i dag, men har kvidd oss til talen, fortalde dei før det vart deira tur på podiet. Talen gjekk fint, der dei mellom anna fortalde om aktivitetar for ungdommane i Granvin, og om kor heldige alle me i Noreg er.

Utdelinga av kulturpris handla også mykje om musikk, dette året. Knut A. Kjerland, no pensjonist, tidlegare i mange år formannskapssekretær og rådmann, har i eit langt liv hatt trekkspelet som sitt instrument. Han har også vakse opp og levd tett på folkemusikkmiljøet i bygda, og samla historier frå miljøet. I tillegg har han komponert dansemelodiar og viser, dekorert hardingfeler, og brukt kreativiteten sin i ungdomslaget.

Oppmuntra til oppmuntring

Prisvinnaren takka for heideren, som er til stor inspirasjon. Han understreka i takketalen kor viktig det er å spreia oppmuntring for medmenneska.

– Og song og musikk er språka som folk skjønar aller best, slo han fast.

Han har hatt sine finaste stunder som spelemann i lokala i Mælandshagen, og har rekna ut at han må ha opptredd der nær 200 gonger no. Han har ikkje tenkt å gje seg, forsikra han.

Feiringa av dagen heldt fram med barnetog til skulen, der mat, tale for dagen, leik og moro venta.

Klikk for å se kommentarer ()