annonse

Feirar 175 år med å gje tilbake

175 ÅR
175 ÅR: Styreleiar Steinar Hjørnevik (t.v.) og banksjef Jørund Rong i Voss Sparebank feirar banken sine 175 år i bygda. (Foto: Marita Saue Hamre)

I år fyller Voss Sparebank 175 år i bygda – og det gjer dei med å gje noko tilbake til vossingane.

Marita Saue Hamre

Det er spesielt tre dagar som er viktige i historia til sparebanken.

– Akkurat på dagen i dag for 175 år sidan vart vedtektene endeleg godkjende ved kongeleg resolusjon. 15. november vart fyrste møtet i forstandarskapet halde, og banken vart stifta. Berre ni dagar etterpå opna banken dørene for fyrste gong, 24. november 1843, fortel banksjef Jørund Rong.

For å markera desse dagane arrangerer Voss Sparebank jubileumskonsert med Odd Nordstoga og boklansering med Linda Eide i dag.

I tillegg er det planlagt ein kyrkjekonsert 15. november, etterfylgd av ein jubileumsmiddag den 24. november.

Gjev att

– Det er fint at me på denne måten kan gje tilbake til bygdefolket, seier styreleiar i banken, Steinar Hjørnevik.

Rong og Hjørnevik er stolte av historia til banken, og legg vekt på kor viktig det er med ein sjølvstendig sparebank i ei bygd.

– Ein skapar verdiar for kundane i banken, så det er ikkje ein eigar som sit att med utbytet – men heile bygda.

Eldste verksemda i bygda

Med sine 175 år er Voss Sparebank den eldste verksemda på Voss.

– Eg tykkjer me klarar oss bra i bygda, men me er avhengige av vossingane, seier Rong.

Dei ynskjer gjerne å få med den yngre garde, òg.

– No lyt me sjå framover, og få med oss fleire vossingar som er unge og lovande.

Elles legg banksjefen vekt på at det er viktig å vidareføra arven frå den lange historia.

Økonomisk godt

I resultatet frå det 175. rekneskapen er det ein vekst i brutto utlån på 11 prosent, og vekst i innskot på 4,8 prosent.

Utlånsveksten er spesielt høg innan privatmarknaden med 13 prosent, medan innan bedriftsmarknaden har banken ein vekst på 6,4 prosent.

– Rådveldekapitalen til banken er på 4.340 millionar kroner, og årsresultatet etter skatt enda på 35 3 millionar kroner, ifylgje årsmeldinga frå 2017.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.