annonse

Fekk journalistpris for årets lokalsak

SØLVPARAPLY
SYLVPARAPLY: Ørjan Brattetveit og avisa Hordaland vann «Sølvparaplyen» for årets lokalsak under prisutdeling i Bergen fredag kveld. (Foto: Marita Saue Hamre)

Hordaland-journalist Ørjan Brattetveit vann journalistprisen «Sølvparaplyen» for saka om Bømoen-utbygging versus ytringsfridom.

Marita Saue Hamre

Bergen journalistlag si årlege prisutdeling gjekk av stabelen på Grand Hotel Teminus fredag kveld.

– Det er kjekt å få pris. Dette er ei spesiell sak, og desto kjekkare er det med pris, seier Brattetveit.

I arbeidet med saka har det vore mykje kjensler. Journalisten har møtt mykje motstand, og fleire har prøvd å stogga saka frå å bli publisert.

– Det har vore mange sinte folk, men heldigvis har det vore fleire positive. Denne saka handlar ikkje om ja eller nei til utbygging i Bømoen. Ho handlar om ytringsfridom og idretten sin styringsrett, fortel han.

Her kan du lesa saka: – Likartrykk på Facebook gav konflikt med sponsor

«Skapte debatt i lokalmiljøet»

Juryen skriv fylgjande i grunngjevinga si til årets lokalsak:

– I denne saka har redaksjonen tatt utgangspunkt i ein debatt i sosiale medium som fekk uante konsekvensar for frivilligheit. Kva skjer når ein som er engasjert i eit lokalt idrettsanlegg likar noko som går tvert imot sponsoren sine ynskje? Skal ein bøya av, eller stå på sin rett til å meina ting som privatperson? Saka skapte og skaper stor debatt i lokalmiljøet, og som ofte i slike saker, må redaksjonen og den enkelte journalist stå imot eit stort press. Meiningane om både saka, redaksjonen og dekninga er mange, men redaksjonen har ikkje late seg stoppa i ei viktig sak for bygda.

Krevjande arbeid

Etter at saka blei publisert, opplevde Brattetveit og redaksjonen fleire lesarinnlegg og ulike engasjement frå lokalmiljøet om saka.

– No er det enkelte som ikkje vil snakka med meg, eller helsa på meg når eg møter dei, seier Brattetveit.

Han er likevel glad for at saka blei publisert, og at avisa ikkje gav opp.

– Det har vore utfordrande og krevjande, men det var ei viktig sak å få fram.

To nominasjonar

Hordaland var òg nominert til Sølvparaplyen årets lokalsak med reportasjen «Dei forsvunne» av journalist Ingvild Siglen Berger, Sara Finne og fotograf Ingerid Jordal.

I tillegg var Fanaposten, Bygdanytt og Vestnytt nominerte i same kategorien.

Gullparaplyen gjekk til NRK-dokumentaren «Lykkelandet».

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.