annonse

Fekk pengar til Vossebanen

TOG
TOG: No kan Bane Nor flagga for meir midlar til planlegging av togstrekninga Arna-Voss. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

No har Bane Nor fått pengane dei treng for vidare planlegging av togstrekninga Arna-Voss.

Ingvild Siglen Berger

Det er Samferdselsdepartementet som opplyser dette, ifylgje Bergens Tidende.

No er ein altså sikra at planlegginga av ny jernbanetrase kan halda fram for fullt utan opphald.

– Det er med på å sikra at bygginga kan komma i gang så tidleg som mogleg i tråd med føresetnadene i NTP, seier statssekretær Tom-Christer Nilsen (H) til BT.

Han fortel at Jernbanedirektoratet for fleire veker sidan gav beskjed om at arbeidet skulle halda fram som om dei naudsynte midlane for planlegginga inneverande år var på plass.

– Dette vert formalisert i dag ved at det vert underteikna ein avtale mellom direktoratet og Bane Nor om planleggingsmidlar for andre halvår, seier Nilsen til BT.

Det var 26. juli i år det vart kjent at pengesekken var tom for vidare planlegging av Arna-Voss.

– Me håpar jo at det kan skje noko vidare i 2017 så me kan halda fram det gode samarbeidet med Statens vegvesen om å samkøyra veg og bane. Me står klare i Bergen til å byrja planlegginga, sa prosjektleiar Hans-Egil Larsen i Bane Nor til Hordaland då.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.