annonse

Fekk sin fyrsterunde på standplass

GOD HJELP
GOD HJELP: Tobias Kleppe får god hjelp av Thomas Vethe for å finna rett teknikk for å treffa blink. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)
REBUS
REBUS: Sara (6), Samuel Rene (8) og Johannes Slettemark (11) jakta premiar i rebusløypa. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)
VOSSAKARUSELL
VOSSAKARUSELL: Mathea Sundstrøm Åsbakk (4) testar lasergevær under årets siste Vossakarusell. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)
SKIKROSS
SKIKROSS: Johan Cornelius Fardal Guttormsen (6) prøver seg på hoppet i skikrossløypa. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)

+ – Dette var kult. Skiskyting er ein bra sport, sa Tobias Kleppe etter sin fyrste skyteserie.

  • Katrine Nordanger Mjelde

Det var mange barnefamiliar samla i Voss ski- og tursenter for årets siste Vossakarusell. Det var laga til orienteringsløp, skileik, skicross og ein kunne få bryna seg på skiskyting.

Det var populært for både store og små å få testa å skyta. Og på standplass stod unge hjelparar frå klubben klare til å visa og fortelja korleis ein best skulle treffa blink.

Fyste skyting

– Om du legg beina dine litt meir spreidde, så ligg du betre, fortel Thomas Vethe til Tobias Kleppe (10) som testar våpenet for fyrste gong,

Kleppe skyt ein ny runde og får mange treff.

– Pustar du når du skyt? spør Vethe.

– Ja, eg trur det.

– Ro pusten heilt ned. Så pustar du sakte tre gonger før du held pusten når du skyt. Då går det betre, fortel Vethe.

Og det gjer det. Kleppe treffer både to, tre og fire gonger.

– Dette var kult. Skiskyting er ein bra sport, seier Kleppe.

Utanfor standplass har dei rigga opp med lasergevær så dei yngste kan få prøva seg. Mathea Sundstrøm Åsbakk (4) ligg klar på magen med geværet for å prøva seg.

– Det var litt vanskeleg, seier ho.

– Eg er veldig glad i å stå på ski, men no har eg lyst å prøva dette fleire gonger, seier Mathea medan ho legg geværet i rett posisjon igjen.

– Det er eit veldig flott arrangement, og me er ofte her for å delta, kommenterer mor Natalie Sundstrøm.

– Eg har fire medaljar heime herfrå, seier Mathea.

Ynskjer fleire velkomne

– Me ynskjer veldig gjerne fleire velkomne i Voss skiskyttarklubb. Me slit litt med rekrutteringa, så me håpar det er nokon unge håpefulle som ynskjer å vera med oss, seier Tommy Wik, leiar for Voss skiskyttarklubb.

Han er godt nøgd med oppmøtet og håpar at nokon gjerne ynskjer å melda seg på.

– Eg trur kanskje mange foreldre tenkjer det er eit slit med skiskyting på grunn av det ein må læra seg med omsyn til våpenet. Det er noko ein må kunna med tanke på sikkerheit, men det er ikkje så tidkrevjande som folk trur, seier han.

Orienteringsløp

I orienteringsløypa stod familien Slettemark klar for å bryna seg på oppgåvene som er langs løypa.

– Me er med for å få premie, konstaterer Sara (6).

Dei har og delteke på dei fleste vossakarusellane.

– Eg gler meg til me kjem i mål. Oppgåvene var litt vanskelege, seier bror Johannes (11).

Flott arrangement

– Det er kjekt å kunna laga til ein slik aktivitetsdag så me får løfta fram sponsorane våre. Hadde det ikkje vore for dei, så hadde me ikkje hatt eit så flott ski- og tursenter, seier Tom Jarle Kristiansen

Han fortel at det er avgjerande for dei at dei har gode sponsorar.

– Saman med alt dugnadsarbeidet, er me avhengige av å ha gode sponsorar. Me og er takksame for alle som er med på laget og støttar oppunder eit av verdas finaste ski- og tursenter, fortel Kristiansen.

Det var om lag 400 som møtte opp på aktivitetsdagen.

– Eg trudde gjerne ikkje det skulle bli så mange då eg såg korleis vêret var laurdag morgon, men heldigvis betra det seg, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.