annonse

Fekk stønad til bakeri, reiseliv og laboratorium i Modalen

KLARE
KLARE: Ein 20 år gammal draum om eige bakeri, går snart i oppfylling, smiler Kristin Nåmdal (til venstre) og Sigrun Dale. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
MINIBAKERI
MINIBAKERI: I denne bygningen skal det etablerast minibakeri i Modalen, til sommaren ein gong. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
LABORATORIUM
LABORATORIUM: Oddbjørn Trohaug fekk lån og tilskot til å etablera eit laboratorium for sand og stein i Modalen. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
REISELIV
REISELIV: Liv Anne Aanesen fekk pengar til eit reiselivsprosjekt i Modalen. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

+ Tre nye verksemder presenterte seg for næringsfondet i Modalen tysdag. Dei hadde til saman rundt 1,4 millionar kroner med seg i lån og tilskot då dei forlèt møtelokalet.

Jan-Egil Dyvik

– Dette er noko eg har drøymt om i 20 år, minst, var den fyrste kommentaren til Kristin Nåmdal, då ho hadde fått lån og til skot til Sognafloren bakeri og lokalutsal.

Ho og tanta Sigrun Dale, skal byggja opp eit minibakeri og lokalproduktutsal i Sognafloren på Mo, som ligg like i vegen, like før ein kjem ned på kaien.

– Vonleg klarer me å få alt på plass til i august ein gong. Me vil laga og levera brød til bedrifter, innbyggjarar og tilreisande, i tillegg til å formidla lokalproduserte varer, forklara ho til næringsfondet.

Litt over middels interessert

– Eg er vel over middels interessert i tradisjonsmat, og me ynskjer også å tilby kurs for dette temaet, understreka ho.

Samarbeid med skulen om ungt entreprenørskap og å verta ein arena for tradisjonsformidling av matkultur, er også ein del av forretningsideen til dei to søkjarane.

Heile prosjektet er rekna til rundt 800.000 kr, og i tråd med reglane for næringsfondet vart det løyvt 400.000 kr, likt fordelt på tilskot og lån.

– Eg har vel ikkje tru på at eg skal kunna leva av dette prosjektet, men det kan no utvikla seg etter kvart, forklara Nåmdal.

Reiselivsaktørar

Liv Anne Aanesen presenterte sine tankar om eit destinasjonsselskap for reiseliv, gjennom den alt eksisterande verksemda iModalen.

Åtte reiselivsaktørar er organiserte gjennom dette selskapet. Dei vil no tilsetja ein person i ein 30-prosentstilling, som skal arbeida fram reiselivsprodukt og marknadsføra desse.

Heile prosjektet, som er treåring, er rekna til rundt 950.000 kr 100.000 kr er eigenkapital, 150.000 kr eigeninnsats, 120.000 kjem som tilskot frå Osterfjorden næringsfondet, og 576.000 kr som tilskot frå næringsfondet i Modalen.

Kan gje nye arbeidsplassar

– Dette er ei systematisk satsing i fellesskap. Å satsa på reiselivet i tråd med den førre næringsplanen for kommunen, og den me no arbeider etter, heiter det mellom anna i saksutgreiinga.

Når ein styrkjer reiselivet, så vil det gje auka grunnla både for sesong- og heilårsarbeidsplassar. prosjektet vil vonleg også bidra til nyskaping innanfor både marknadsføring og produkt- og servicetilbod, skriv rådmannen i saka.

Laboratorium for stein og sand

Oddbjørn Trohaug presenterte det siste prosjektet, nemleg eit såkalla tilslagslaboratorium som han skal etablera i Modalen.

Heile prosjektet vil kosta vel 800.000 kr, og næringsfondet løyvde tysdag halvparten i lån og tilskot,

Trohaug skal etablera ei laboratorium som skal ta prøvar av ulike steinprodukt. Kundesegmentet er alle firma som produserer steinmaterialar.

Trohaug er i dag tilsett ved Oster Pukk sitt laboratorium på Eikefet i Osterfjorden.

– Utfordringa mi er, når eg skal etablera eit sertifisert laboratorium, er at alle utgiftene kjem fyrst, og inntektene etterpå, forklara han,

– Kan ikkje liggja sentralt

Det er få andre verksemder som gjer same jobben som Trohaug skal gjera, og i landet er det fem. I heile landet er det 534 pukkverk som leverer til produkt til vegar og tomter, 280 av dei er godkjende, forklara Trohaug.

– Slike laboratorium kan ikkje liggja sentralt, det ligg heller ikkje knuseverk midt i ein by. Så Modalen er like god plassering som andre stader. Eg har tenkt meg ein plassering i nærleiken av næringsbygget, der eg vel setja opp ein stålhall, forklara han.

– Perspektivet med nyskaping og vidareutvikling er til stades ved at Trohaug vil byggja ei ny verksemd innanfor ei historisk næring i Modalen, skriv rådmannen i saka.

Stein og sand som utgangspunkt kan vera grunnlaget for mange og ulike næringsvegar, heiter det.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.