annonse

Ferskt blod i avisa

NYE
NYE: Marknadskonsulent Ann Christin Nøss (t.v.) og journalist Marita Saue Hamre. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Ann Christin Nøss (42) og Marita Saue Hamre (22) er dei ferskaste tilskota i Hordaland. Med seg har dei ambisjonar.

Siri Flatlandsmo

– Eg vil bidra til å laga ei god lokalavis og læra mykje, seier Nøss.

Begge to er tilsette i årsvikariat; Nøss som marknadskonsulent og Saue Hamre som journalist.

Vossingen Marita Saue Hamre vart i vår ferdig med ein bachelorgrad i journalistikk, og har jobba i Dagsnytt på Marinelyst i Oslo. Ho har òg ein sommar på NRK sitt distriktskontor i Buskerud i ryggsekken, der ho jobba med både radio, nett og TV.

Nå dei yngre

Saue Hamre har sett seg som mål å nå dei yngre lesarane.

– Eg vil koma med nye, gode idear og har eit mål om å nå ut via Snapchat.

På den plattforma har ho lyst å vidareføra arbeidet journalistane Sara Finne, Ingerid Jordal og Ingvild Siglen Berger har sett i gang.

– Eg vil at Snapchat òg skal verta ein nyhendestraum, seier Saue Hamre.

Ei «potet»

Ann Christin Nøss omtalar seg sjølv som ei «potet», i alle fall i jobben ho hadde tidlegare, på Voss Fellesbryggeri.

Ho er frå Skånevik, men har budd på Voss i 26 år. Det siste året har ho mellom anna jobba med kulturbiten under ungdoms-OL og med VIP-arrangementa under sykkel-VM i Bergen.

No har ho innteke ein plass i Hordaland si marknadsavdeling der samarbeid med annonsekundane vert eit sentralt arbeidsfelt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.