annonse

Filma 4000 sjøaurar i elv som er rekna som fisketom

GROV AURE
GROV AURE: Denne sjøauren gjekk opp i Granvinselva 1. juli. Storleiken er vurdert til å vera over 90 centimeter. Det er stort til å vera sjøaure. Mesteparten av dei registrerte fiskane var derimot små, mellom 20 og 28 centimeter, skriv Skandinavisk naturovervåking. (Foto: Skandinavisk naturovervåking)

Forskarar fann over 4000 sjøaurar i Granvinselva. Resultatet vekkjer oppsikt då andre meiner elva er nærmast fisketom for tida.

Karl Ystanes

Forskarfirmaet Skandinavisk naturovervåking monterte våren 2017 undervasskamera som registrerte oppgang av laks og sjøaure i Granvinsvassdraget. Kartlegginga vart gjort med Lingalaks og Tombre-gruppa som oppdragsgjevarar.

Resultatet frå filminga gjev forskarane, Lingalaks og Tombre-gruppa grunn til å meina at stoda ikkje er så ille som NRK-programmet «Den fantastiske villaksen» vil ha det til for Granvinselva. NRK-produksjonen støttar seg på informasjon frå Hardangerfjord Villfisklag, og Sven Helge Pedersen, som i samband med arbeid med Genbank Hardangerfjord, opplyser at dei finn svært lite villfisk i Granvinsvassdraget, og at dette tyder på at stoda er alvorleg for vassdraget som på 1980-talet var rekna mellom dei aller beste i landet for sjøaure.

Kamerabileta til Skandinavisk naturovervåking viser noko heilt anna. Dei registrerte 4087 sjøaurar og 87 laks på veg opp i vassdraget, og skriv i rapporten at dette tyder på at det ikkje er ein unormal låg produksjon i vassdraget, eller unormal låg overleving i sjø for både laks og sjøaure.

Positiv konklusjon

I rapporten skriv forfattarane at ein stor del av sjøauren (80 prosent) er ung og truleg ikkje kjønnsmogen gytefisk, og at 11 av dei 87 laksane synleg sikkert er oppdrettslaksar.

Dei skriv vidare at det ut frå kamerabileta var råd å vurdera kor mykje lakselus der var på 44 prosent av fiskane som vart filma. Her kjem forskarane til at mengda lus på fisken var låg samanlikna med andre overvaka vassdrag.

Konklusjonen i rapporten er at det ser ljosare ut for fisken i Granvinselva, enn kva NRK-programmet gjev inntrykk av.

Dette vert motteke som godt nytt i oppdrettbransjen, som ofte har vorte syndebukk i diskusjonane rundt det mange ser som ei negativ utvikling for villaks og sjøaure, særleg i Hordaland.

Skal filma i tre år til

Even Søfteland i rådgjevingsselskapet Capmare AS, meiner funna til Skandinavisk naturovervåking er godt nytt for alle som bryr seg om Granvinvassdraget.

«Nå viser det seg heldigvis at forholdene i 2017 var langt bedre enn tidligere bekymringer skulle tilsi. Granvinsvassdraget har vært kameraovervåket av Skandinavisk Naturovervåking AS siden våren 2017, og resultatene er oppløftende for alle som bryr seg om vassdraget.», skriv Søfteland i ei melding til Hordaland.

Administrerande direktør i Lingalaks AS, Erlend Haugarvoll, er også nøgd med rapporten. Han seier til Hordaland at dei har planar for vidare kameraovervaking av vassdraget.

– Me er glade for at det ser ut til å stå betre til i Granvinselva enn ein kunne få inntrykk av. Det er bestemt å nytta kamera i tre år til, då me gjerne vil ha kjennskap til korleis biletet er over fleire år. Me lever alle i same dammen, og det er naturleg for oss som driv med oppdrettslaks å tenkja at verksemda vår har fylgjer for villfisken. Difor er det viktig at me søkjer kunnskap som er mest mogleg sann, og at me nyttar han slik at me også i framtida kan leva saman. Me vil laga friske sunne fiskar, og me vil vera ein del av løysinga også for sjøauren og villaksen, seier Lingalaks-direktøren.

Uroleg for fisken likevel

Sven Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag, held fast på at stoda for sjøauren i Granvinvassdraget framleis er langt unna glansdagane fram til tidleg på 1990-talet. For laksen sin del er han framleis ottefull.

– Eg var svært uroleg for gytefisken i fjor, då eg knapt hadde sett villfisk på elva på det tidspunktet NRK intervjua meg. Men rapporten viser eigentleg det same som gytefiskteljingane til Uni Miljø. Dei fann like over 400 gyteklare sjøaurar då dei talde i hovudstrengen av vassdraget. Då fekk dei ikkje med seg fisk som stod i sidebekkar og sideelvar, og me veit at det kan vera ein del fisk som gjer det på hausten. Om me legg desse til dei 400, så er 800 kjønnsmogne gyteklare sjøaurar eit truvedig overslag. Det gjer at me truleg kan lita på desse tala. Det er heller ikkje slik at me har sagt at sjøauren er borte. Eg har sagt at han er sterkt redusert samanlikna med korleis stoda var i Granvin før, og det står eg for sjølv om dei finn 4000 fiskar med kamera. Det er framleis opna for fiske etter sjøaure i Granvinselva, og stamma er ikkje i genbanken, då ho ikkje er rekna for å vera så truga. Det er derimot villaksen i Granvin. Når rapporten frå Skandinavisk naturovervåking konkluderer med at berre 11 av 87 laksar er oppdrettslaksar, så baserer dei seg på synlege trekk ved fisken, altså deformerte finnar, pigmenteringa, forkorta gjellelok og slike trekk. Om me hadde DNA-testa alle fiskane som ser heilt ville ut, ville me truleg enda med at over 50 prosent av dei ikkje ville vorte godkjende som villaks, seier Sven Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.