annonse

Filma spektakulær oppleving i Hardangerfjorden

SPEKKHOGGARAR
SPEKKHOGGARAR: I Hardangerfjorden, laurdag 10. mars 2018 vart fire spekkhoggar observerte og filma. (Foto: Leif Kåre Havås)

Fire spekkhoggarar vart observerte og filma i fjorden laurdag.

Marita Saue Hamre

– Det var verkeleg spektakulært å sjå dei med mine eigne auge, seier fotograf Leif Kåre Havås etter opplevinga.

Det er ikkje ofte spekkhoggarar tek seg turen heilt inn i Hardangerfjorden, og Havås er nøgd med blinkskota.

– Dei prøvde å lura meg fleire gonger, og eg trudde eg hadde mista dei. Men så plutseleg dukka dei opp i fjorden inn mot Ulvik, og eg fekk filma eit par minutt, fortel han.

Havås hadde dronen i lufta i om lag to timar, før han fekk filma dyra.

Heilt tilfeldig

– Det var heilt tilfeldig at eg faktisk fekk det på film.

Han fekk tips frå fleire om at det vart observert fire spekkhoggarar i fjorden.

– Då sette eg meg i bilen, tok med meg dronen og håpa på at eg fekk fanga dette på film, forklarar Havås.

50 meter frå land

Etter nokre timar kom spekkhoggarane berre 50 meter frå land der han stod med bilen.

– Det var då eg skjønte kva dimensjonar det er.

Nokre andre som hadde vore ute i båt, fekk sett spekkhoggarane på endå nærare hald.

– Det er imponerande å sjå slike store dyr i fjorden.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.