annonse

Fire mista lappen ved Sundve

VART KONTROLLERTE
VART KONTROLLERTE: Fire mista lappen og 21 fekk bot då dei køyrde for fort forbi Sunde fredag. – Eit nedslåande resultat, seier lensmannen på Voss. (Foto: Tor Halvorsen/Arkiv)

Fredag vart fire bilkøyrarar meldt til politiet og fråteke førarkortet etter å ha vorte tekne i fartskontroll ved Sundve.

Ingvild Siglen Berger

Høgste hastigheit vart målt til 90 km/t i 50-sona på staden, opplyser Robert Veseth, konstituert lensmann på Voss.

I tillegg til førarkortbeslaga skreiv UP ut 21 bøter til andre førarar.

– Dette er eit nedslåande resultat. Det er all grunn til bekymring når fartsbrota er så mange og så høge i ei 50-sone. Det er klart at dette er ei tid på døgeret der det ferdast ein del folk langs vegen òg. Det er veldig bra at UP er ute og har kontrollar, for det trengst, seier lensmannen.

Fartskontrollen vart gjennomført i tidsrommet 09.45 til 13.45 fredag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.