annonse

Flage Maskin rimelegast

KLART FOR GRAVING
KLART FOR GRAVING: Statens vegvesen håpar å starta arbeidet med trafikkarealet no i vår, og at prosjektet skal stå ferdig hausten 2019. (Foto: Rolf Tepstad)
Fire tilbydarar, fire summar

Flage Maskin har levert det klart lågaste tilbodet for bygging av veg­løysingane ved det nye knutepunktet på Voss stasjon.

Rolf Tepstad

Utbygginga skal sikra gode framtidsløysingar både for buss, drosje og privatbilar som hentar og leverer til knutepunktet, som elles omfattar gondolbane og framfor alt reisande med jernbanen.

Til saman fire tilbydarar melde interesse for oppdraget.

Alternative løysingar

I augneblinken finst det to alternativ for korleis framtids­løysingane skal bli.

Den opphavlege løysinga er basert på noverande bilveg forbi stasjonsområdet og Fleischer’s Hotel.

– Men Statens vegvesen har no sendt inn ein dispensasjonssøknad for ei alternativ løysing, for å imøtekoma Fleischer’s sine ynskjemål. I denne løysinga er den framtidige bilvegen lagt lengre bort frå hotellet og nærare Vangsvatnet, opplyser seksjonsleiar Lars Øyre i Statens vegvesen.

Dispensasjonsframlegget er utvikla i nært samarbeid med Voss kommune og Fleischer’s, og ligg no til formell godkjenning på kommunen si byggjesaksavdeling, opplyser Øyre.

32,8 millionar

– Men sidan dispensasjonsløysinga så langt ikkje er godkjend i kommunen, sende me byggjearbeidet ut på konkurranse i to alternativ. Alternativ 1 er då i pakt med vedteken reguleringsplan, alternativ to er som dispensasjonsframlegget, opplyser Lars Øyre.

Ifylgje nettsida Veier24.no er Flage Maskin klart rimelegast på begge alternativa, med Mesta som nummer to på begge. Flage påtek seg å byggja 1-alternativet for 31,2 millionar kroner og 2-alternativet for 32,8 mill. kr.

Mesta sitt tilbod ligg 1,6 mill. kr over for fyrste alternative og 1,1 millionar over for det siste. – Om Alternativ 2 vert valt, vil mellomlegget måtta betalast av Fleischer’s, opplyser Øyre.

Dei to andre tilbydarane er elles Svein Boasson frå Bergen og Bulken Maskin (Voss).

Byggjestart i vår

– Er det då Flage Maskin som får oppdraget?

– I utgangspunktet er dette eit oppdrag som går til billegaste tilbydar, ja. Men me lyt sjølvsagt ha ein gjennomgang av alle tilboda før me konkluderer, seier Øyre til Hordaland.

– Når reknar du med å ha arbeidet i gang?

– Målet er å vera i gang i løpet av våren. Men som sagt, før Voss kommune har handsama dispensasjonssøknaden kan me ikkje starta.

Kanskje òg hotell?

Øyre reknar med at byggjearbeidet vil ta godt over eit år, men at alt skal vera klart neste haust.

– Ein tidleg haustdag i 2019, dersom me kjem i gang slik me håpar, seier Øyre.

KNUTEPUNKTET
KNUTEPUNKTET: Slik vil trafikkløysingane ved det nye knutepunktet bli, om Voss kommune godkjenner Statens vegvesen sin dispensasjonssøknad. Lengst mot aust ligg terminalane for buss og drosjar, medan arealet mot vest inneheld fire stoppunkt for bussar og 10 for privatbilar. Foto: Skisse frå Statens vegvesen

Utbygginga av knutepunktet er et samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen, Bane NOR, Hordaland fylkeskommune, Voss kommune og Voss Resort, som er i full gang med nytt gondolbygg på staden.

– No kjem det kanskje eit stort hotellbygg på området, i tillegg. Dermed kan planane òg verta endra litt undervegs, for å imøtekoma hotellet sine ynskjemål, seier Lars Øyre.

– Betre, men ikkje fullgodt

– Det nye alternativet frå Statens vegvesen er klart betre enn det opphavlege, men heller inga fullgod løysing for Fleischer’s Hotel. Me skulle gjerne sett at busshaldeplassen vart knappa inn frå 72 til 50 meter, slik at me fekk endå meir plass framfor hotellet, seier marknadssjef Alette Hjelmeland.

– Dét er avgjerande for å skapa ei fullgod løysing for det nye inngangspartiet me planlegg, her på sørsida av bygget.

Ynskjer ny runde

– Dette har me spela inn både til Statens vegvesen og Voss kommune tidlegare, med nøyaktige planskisser. Og dette er løysinga me framleis vil jobba for, seier Hjelmeland.

– Eg er og viss på at ei slik løysing, med kortare busshaldeplass, vil opna for betre løysingar ved inngangspartiet til kulturhuset, som er ein annan faktor som skal løysast gjennom dei same planane.

Fleischer’s Hotel kjem difor til å gå nye rundar både med Statens vegvesen og Voss kommune i saka, signaliserer Alette Hjelmeland.

Ikkje avskrekkande

Å få til ei maksimal løysing for inngangspartiet ved Fleischer’s bør elles vera til beste for heile Voss, seier Hjelmeland.

NESTEN BRA
NESTEN BRA: Alette Hjelmeland er langt på veg nøgd med den nye løysinga, men synest framleis det er for knapt med areal for Fleischer’s sitt nye inngangsparti. Foto: Ingerid Jordal/Arkiv

– Slik det no er blitt på den nye terminalen, der folk i stor grad vandrar rett ut trappene, er det òg nesten som ein treng GPS for å finna noverande hotellinngang. Og slik kan me ikkje ha det, seier ho.

Med ei fullgod framtidsløysing, synest ho heller ikkje prisskilnaden på 1 til 2 millionar er avskrekkande, sjølv om det altså er Fleischer’s som lyt leggja desse pengane på bordet.

– Frå Statens vegvesen har me tidlegare høyrt både fem og endå fleire millionar for vegomlegginga. Så då var dette godt nytt, seier Alette Hjelmeland.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.