annonse

Flagget til topps i Myrkdalen

:

Temmeleg nøyaktig fem månader før det første jolebordet vert dekka opp, gjekk flagget til topps på Myrkdalen Hotel. Kranselaget i går kveld markerer at arbeidet på det svære hotellbygget er i rute.

Nils Kvamsdal

Og det har ikkje vore like opplagt heile vegen. Administrerande direktør Torleif Lilleås frå Backer Entreprenør kunne fortelja om ein vinter med store snøplager og mykje strev. Mellom 5 og 6.000 kubikkmeter snø har arbeidarane måtte måka unna for å kunna utføra det eigentlege arbeidet sitt, og på det meste var det over tre meter snø på anleggsområdet.

– Eg har djup respekt for dei arbeidsfolka som har stått på her, sa Lilleås, og dei mange frammøtte appplauderte ivrig for arbeidarane som var med på kranselaget.

12.12.12

– Kryss av datoen i kalenderen med ein gong. Me har sett den offisielle opninga av hotellet til den 12. desember 2012 klokka 12, sa Nils Akselberg, for tida dagleg leiar i Myrkdalen Hotel As, selskapet som byggjer hotellet. Han kunne fortelja dei frammøtte gjestene at hotellet opnar den 1. november, men då berre for at staben skal få på plass dei siste detaljane før det første jolebordet den 16. Deretter har alle involverte ein knapp månad på å testa ut at alle sider ved hotelldrifta fungerer slik dei skal.

Hotelldirektør Ane Johnsen gler seg til å ta fat på sitt eigentlege arbeid. Å byggja opp eit hotell innvendig heilt frå starten av, er noko spesielt. Det er tusenvis av detaljar som må hugsast på. Mellom anna er det ein stor stab som skal byggjast opp.

– Det strøymer på med folk som vil søkja jobb her. Eg trur me kanskje me slepp å lysa ut ein einaste stilling, seier hotelldirektøren. Søkjarane er både lokale, frå bergenskanten og lenger borte frå.

Galskap

– Heilt fram til stolheisen kom, var me eit hyttefelt med eit skianlegg. Stolheisen heva oss til å verta eit alpinanlegg. No tek me eit nytt steg. Å byggja eit hotell til 200 millionar er eit stort sprang for ein liten destinasjon. Men hotellet er med på å plassera oss i elitedivisjonen, sa Nils Akselberg. Og la til:

– Heile finansnæringa seier at det å byggja eit høgfjellshotell i Noreg i dag er reinspikka galskap. Så er det vel galskap det meste me har gjort her oppe, men me har fått det til!nk@avisa-hordaland.no

Klikk for å se kommentarer ()