annonse

Flammen frå eit kubbelys kan ha sett fyr på sengeklede

BRANN PÅ VANGEN
BRANN PÅ VANGEN: Klokka 05.27 melde brannvesenet av brannen i Elvegata var sløkt. (Foto: Lars Olve Hesjedal/Illustrasjon)

Politiet etterforskar brannen på ein veranda på Vangen onsdag morgon.

Lars Olve Hesjedal

Det var i ein fleirmannsbustad i Elvegata at det brann, på ein veranda i 4. etasje.

Då brannvesenet kom fram klokka 05.26, var brannen alt sløkt.

- Det kan sjå ut som flammen frå eit kubbelys har sett fyr på nokre sengeklede. Me etterforskar saka, men har førebels ikkje eit heilt klart inntrykk av kva som kan ha skjedd, seier lensmann Ivar Hellene i Voss lensmannsdistrikt.

Varabrannsjef Geir Ove Pedersen i Voss Brannvern overlet til politiet å kommentera saka.

- Det me kan seia, er at brannen var sløkt då me kom fram. Me hjelpte til med å lufta ut i bustaden. Det såg ut som det var mindre røykskadar innandørs, seier Pedersen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse