annonse

Flest dødsulukker i Hordaland

ULUKKE
ULUKKE: To unge menn mista livet i ei MC-ulukke på Dale i juli. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)

Sju personar mista livet på vegane i Hordaland så langt i år.

Marita Saue Hamre

I Noreg har 22 personar mista livet i sommartrafikken i juni og juli i år, ifylgje tal frå Statens vegvesen.

Det er to fleire enn i fjor.

For om lag to veker sidan mista to unge menn frå lokalsamfunnet på Dale livet etter ei motorsykkelulukke.

– Det er heilt forferdeleg, og ein kjempetragedie, sa ordførar Eirik Haga til Hordaland etter ulukka.

Halvparten MC-ulukker

I juli mista 10 personar livet, og halvparten av desse var MC-ulukker.

– Det er nedslåande, men føyer seg dessverre inn i ein negativ trend. Me ser at det er ein klar auke av motorsyklistar som vert drepne i trafikken, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Samanlikna med bilførarar er risikoen for å bli drepen eller alvorleg skadd 15 gonger høgare for førarar av tunge motorsyklar.

Færre enn i fjor

Tala viser at i årets sju fyrste månadar har 55 personar mista livet på norske vegar, som er tre færre enn på same tid i fjor.

– Sjølv om dødstala har gått ned dei siste åra, er eg uroleg over at utviklinga av hardt skadde i trafikken ikkje har ein like god trend, seier Moe Gustavsen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.