annonse

Flest stemmer til Silje Skorve Paulsen

BOLTRAR SEG I RAUNDALSELVA
Boltrar seg i Raundalselva: Silje Skorve Paulsen, fotografert i vinter då kampen for vern pågjekk som hardast. No har lesarane avgjort at den naturelskande kvinna er Årets namn. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

– Dette er utruleg kjekt, og viktig for saka om varig vern av Raundalselva.

Marita Saue Hamre

Silje Skorve Paulsen og fleire andre kjempar ein hard kamp mot kraftselskapa om varig vern av Raundalselva på Voss. På grunn av denne kampen vart Skorve Paulsen fyrst nominert, og så vinnar av tittelen Årets namn 2017 i Hordaland si kåring.

– Eg må berre seia tusen takk til alle som har stemt på meg. Det betyr utruleg mykje for meg og ikkje minst for Raundalselva.

Ho fekk seg fyrst ei overrasking då ho såg at ho var nominert til Årets namn.

– Det var mange som engasjerte seg då saka om kraftutbygging dukka opp att i 2010. Me blei ein god gjeng med mykje bra folk som jobba hardt. Eg trur det må ha vore nokon frå den gjengen som tenkte at nokon som har jobba mykje med saka, burde bli nominert. Eg føler ei stor ære for at mitt namn kom opp mellom alle desse.

Elles er Skorve Paulsen fødd og oppvaksen på Voss. På grunn av hobbyane hennar som inneheld mykje frisk luft og uteliv i naturen, er det heilt topp å bu på Voss, ifylgje henne sjølv. Ho driv med ski, sykkel og padling når ho ikkje jobbar med firmaet «Datahove» på Voss.

Saka ligg på vent

Skorve Paulsen fortel at det er ei stund sidan dei har jobba med saka om Raundalselva, og at saka ligg litt på vent.

– Å kjempa for å halda elva verna mot kraftutbygging, er veldig viktig. Me veit enno ikkje kva som kjem til å skje med Raundalselva, så litt merksemd rundt saka er alltid fint.

Opphavleg starta saka på 1980-talet då fyrste planane om å byggja ut Raundalselva dukka opp. Ein lang prosess enda med at Stortinget sa nei til kraftutbygging, og i 1986 gav dei Raundalselva status som varig verna.

Saka har igjen oppstått i seinare år og handlar om at fleire kraftselskap har ynskt å bidra til flaumsikring, dersom dei får byggja ut Raundalselva.

– Det heile starta eigentleg igjen i 2010, då det kom press på å byggja ut elva etter forslag frå BKK, Voss Energi og Voss kommune. Då var det veldig mange som engasjerte seg og det var ein enkel debatt, for då handla det berre om at ein var imot planane om kraftutbygging.

Men då storflaumen kom i 2014, var kraftselskapa raskt ute med løysingar på problemet, og dei inneheldt både kraftutbygging og flaumtunell i elva.

– Eg tenkte fyrst at då måtte vel elva byggjast ut for å unngå at ein slik stor flaum kom att, men så såg me nærare på forslaga.

Ho fortel at det var fleire som tenkte at einaste løysinga på problemet var å byggja kraftverk, fordi det vart presentert som ein naudsynt del av flaumsikringa.

Planane til BKK

– Me byrja å sjå på planane til BKK. Og då viste det seg at kraftutbygginga var separat frå flaumtunnelen. Dette er framleis veldig forvirrande for mange, men det er altså snakk om to ulike utbyggingar, som teknisk sett kan gjennomførast uavhengig av kvarandre.

Ho legg til:

– Kraftselskapa har klart å skapa ei forvirring, og mange har trudd at kraftutbygging må til for å unngå storflaum.

Dersom planane om kraftutbygging går gjennom, så vil ikkje det i seg sjølv løysa flaumproblema, seier ho. Skorve Paulsen presiserer at ein flaumtunell kan vera ei løysing ved at den fører vatnet bort når det er flaum, men for kraftproduksjon må vatnet gå i røyr året rundt. Ho meiner at Voss vil tapa større verdiar på kraftutbygging enn kva det kan generera av inntekter.

– Ta vare på naturen

Raundalen er det største området på Voss og i Hordaland som er tilnærma urørt når det gjeld kraftutbyggingar.

– Me må ta vare på det me har att. No kan ein nesten ikkje gå på fjelltur utan å møta på kraftinnstallasjonar, turre bekkefar eller nedtappa fjellvatn.

Rammevilkåra til ekstremsportmiljøet vart også rokka ved i denne saka, og me høyrer ein del av dei samme argumenta no med Bømoutbygginga. Slike verdifulle område må stadig kjempast for, og når sjølvaste verneplanen er på vaklande grunn, går Raundalselva ei utrygg tid i vente.

Energimeldinga som kom i fjor opna opp eit nytt smutthol i verneplanen. Den handlar om at dersom alle andre tiltak er utgreidde, så kan kraftselskapa i særskilde tilfelle få byggja ut i samband med flaumsikring.

Ho legg til:

– Og slik er saka no. NVE skal utgreia tiltaka, og eg håper dei kjem med gode løysingar som vil førebyggja flaumskadar. Eg håpar også at dei ser på opprusting av naturen som ein del av fleire tiltak på sikt, slik at omgjevnadene våre vil takla større nedbørsmengder framover.

Ingen nyttårslovnader

Silje Skorve Paulsen har ingen nyttårslovnader, men familien har sporadiske lovnader gjennom heile året.

– Nyttårslovnader er ei fin påminning om å gjera forbetringar, men i min familie har me nye lovnader når det fell oss inn. I november hadde me ein månad utan bil og godteri. Det var hardt med tanke på vêret, men me kom i betre form i tillegg til å spara miljøet. No er bilen og godteriet tilbake, men i vesentleg avgrensa mengd.

Neste gong du møter Årets namn 2017, er sjansen for at det skjer i naturen temmeleg stor.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.