annonse

FLOR nominert til gründerpris

I BRESJEN
I BRESJEN: Kristin Lemme er dagleg leiar i FLOR. No håpar ho folk vil stemma på dei i «Gründerjakten 2018». (Foto: FLOR)
NOMINERT
NOMINERT: FLOR er ei av ti nominerte bedrifter, som kjempar om å vinna løn i eit heilt år. (Foto: FLOR)

– Det er behov for klede som får kvinner til å kjenna seg vel. Me trur dette vil få fleire kvinner på banen i mannsdominerte yrke, seier Kristin Lemme.

Siri Flatlandsmo

Ho er gründer av klesmerket FLOR, som hyller arbeidskvinna.

– Eg har gått mykje i for store klede og utgåtte treningsklede på arbeid, fortel Lemme.

Ho skal sjølv verta bonde, og det var i landbruket idéen om klesmerket FLOR starta. No tek gründeren tak i mangelen på gode arbeidsklede for kvinner.

– Dette er skikkelege arbeidsklede, dei er ikkje berre rosa og søte. Me ynskjer at desse kleda skal vera med å bidra til at fleire kvinner vil velja mannsdominerte yrke, forklarer ho.

No er FLOR nominert i Nordea sin konkurranse «Gründerjakten 2018».

– Hadde vore heilt enormt

«Gründerjakten 2018» skal hjelpa ein gründer med å realisera draumen sin. Av 177 påmelde er FLOR éin av ti finalistar. Desse ti skal delta på «Pitch og Selection Week» i Oslo 22–25. januar.

Det som avgjer kven som vinn er ein jury, i tillegg til at alle som ynskjer kan stemma på sin favoritt, heilt fram til 25. januar.Vinnaren får løn i eitt år, i tillegg til rettleiing undervegs.

– Midlar for å kunna jobba med FLOR eit heilt år hadde vore heilt enormt, seier Lemme.

Håpar på klede til hausten

Ideen kom til Lemme for mange år sidan, men det var hausten 2016 den skaut fart.

– Eg lufta idéen, og fleire tenkte at dette var faktisk veldig smart. No er det så mykje teknologi i landbruket at det ikkje er noko problem for kvinner å driva gard.

No er dei tre vossingar: ho sjølv, Patrik Søreide og Torgunn Hegland. I tillegg er Johan Høstmælingen med frå Lillehammer. Vossingen Ingrid Brandseth har hjelpt til med design.

Men om dei skulle vinna konkurransen, er det Lemme som skal arbeida med FLOR eitt heilt år. Førebels har dei laga prototypar på arbeidskleda.

– Me håpar på å ha klede klare til hausten, seier Lemme.

Knallhard konkurranse

Mellom dei ti finalistane får Lemme og FLOR hard konkurranse. Det er éin deltakar som har fleire stemmer enn dei andre førebels.

– Det er ein frå Farmen kjendis som har drege ifrå på stemmene, fortel Lemme.

Dette er Stian Sandø, som har utvikla appen «Flare». Men Lemme ser ikkje slaget som tapt enno. Juryen har jo òg mykje å seia.

– Voss har ei historie med fleire suksessbedrifter innan klede. Me håpar å verta ei av dei, seier Lemme.

Ho legg til:

– Me føler me har vunne alt. Det er kult at me står ut mellom dei 177 påmelde.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.