annonse

Folkefest i Badnajazz-paraden

JAZZ-PARADE
JAZZ-PARADE: Thea (t, v,) og Millie Marie spelte for fyste gong i Badnajazz-paraden laurdag. (Foto: Marita Saue Hamre)

Thea og Millie Marie spelte og gjekk for fyrste gong i jazz-paraden laurdag.

Marita Saue Hamre

– Eg spelar kornett, og gler meg til å gå i paraden, sa Thea Juliana Dale før ho stilte seg opp på rekkja.

Ho stod med venninnene Millie Marie Gullbrå, Linnea Fjæreide Møen og Thea Bryn Haugstvedt på torget. Dei heldt på kvart sitt instrument.

– Og eg spelar saksofon, medan dei andre spelar kornett, fortel Millie Maria.

Jentene øvde seg ei siste gong saman, før paraden starta.

– Me har eigentleg ikkje øvd så veldig mykje, men me kan det me skal, smilte dei.

Surt vêr, men god stemning

Trass i kaldt byevêr og vind stod born med eit smil om munnen då dei byrja å gå. Drilljentene, skulemusikken og Badnajazz-koret gjekk saman med andre born og vaksne i paraden.

– Er de klare?, spurde Olav Undeland, som stod bakpå planet på ein bil med mikrofon og høgtalarar.

– Ja, ropte alle i kor og klappa.

ALLE MED
ALLE MED: Olav Undeland fekk alle med på dei kjende Badnajazz-strofene i paraden. Foto: Marita Saue Hamre

Dei song, dansa og koste seg heile vegen frå torget til Voss kulturhus.

«For når Badnajazzen kjem»

Undervegs i jazz-paraden song Undeland dei kjende, og fengjande strofene «For når Badnajazzen kjem blir det», og borna svara:

– Wooo-aahoo.

Alle i paraden, og dei som gjekk ved sida av, song med. Vangsgata vart fullt med song og glede mellom regnbyene.

I FRONT
I FRONT: Drilljentene styrte showet, og gjekk fyrst i årets parade. Foto: Marita Saue Hamre

Då toget var kome heilt bort til kulturhuset var det dobbelt så mange som hadde hengt seg på undervegs, og gleda var stor for borna.

– Dette blei ein fest, avslutta Undeland då paraden var ferdig.

– Moro, men kaldt

Etter sin fyrste parade var Thea, Millie Marie, Linnea og Thea nøgd.

– Det var kjekt, men det var veldig kaldt på hendene, fortalde dei.

Etter å ha sunge opp att Badnajazzen sine strofer gjekk nok alle nynnande heim att frå paraden med songen på hjernen.

MORO
MORO: Skulemusikken stod for instrumenta i paraden. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.