annonse

Folkefest i fjellheimen

TURLAGSTUR:
TURLAGSTUR: Gråskallatjørn. (Foto: Paul Jarle Grande)
TURLAGSTUR:
TURLAGSTUR: Liaset. (Foto: Paul Jarle Grande)
Frå venstre
SERVERING: Unnlaug Kvitne, Turid Nygård (turleiar), Tove Fadnes, Arve Fadnes og Ragnhild Skjerveggen. (Foto: Paul Jarle Grande)
TURLAGSTUR:
TURLAGSTUR: Liaset. (Foto: Paul Jarle Grande)

Det vart god stemning i fjellet under jubileumsturen for Voss Utferdslag og Den Norske Turistforening.

Det vart folkefest til glede for liten og stor. Dei kom i flokk og fylgje for å vera med å markera jubilea til Den Norske Turistforening (150 år) og Voss Utferdslag (85 år). Vêret såg ikkje ut til leggja noko dempar på humøret til dei frammøtte sjølv om det var litt småsurt. Godt kledde var dei fleste, dei var klare til å vera ute heile dagen.

Turen starta med buss til Kvitno i Raundalen og vidare på stølsvegen til Fjosestølen. Etter ein kort pause gjekk me inn på sti og kryssa Gamle Raundalsvegen. Kyrne som gjekk å beita oppi lia lurte nok fælt på kva som gjekk føre seg. Dei har nok aldri sett over 200 turglade fjellvandrarar gå i flokk opp lia der før. Stigninga opp til Gråskallatjør, 745 moh, gjekk som ein leik. Me kom opp i eit flott turområde med fleire vatn. På vegen mot Liaset var det mange som let seg freista til å smaka på dei fine moltene som sto der.

Turen så langt hadde gått med liv og lyst for liten og stor. Me nærma oss festplassen på Liaset med flott utsyn over bygda under den mektige Lønahorgi. Lukta av betasuppe kom med vinddraget. Det var tid for mat og drikke.

Paul Jarle Grande var alt i gang med å setja farge på dagen med feiande flott toradarspel. Etter salt mat, vart det kake og kaffi, og juice til borna. Overraskinga var stor for borna då «Turbo» (maskoten til borna sit turlag) dukka opp på Liaset. No vart det liv i leiren. Med toradarspel og ringdans kom stemninga på topp der oppe i fjellheimen.

Helge Søfteland, kjend frå Friluftsmagasinet i NRK P1, kåserte om Den Norske Turistforening sin oppstart på slutten av 1800-talet og folk sin bruk av fjellet, som i tidlegare tider var til nytteformål. Det var fyrst i starten av førre hundreår ideen kom om at folk kunne bruka fjellet til rekreasjon.

Me fekk no eit flott innslag med song frå to veteranar frå Kytesgrenda, Jan Jøssang og Gunnar Schei. Dei song «Liasetsongen» og fekk stor applaus for gjennomføringa. Leiaren i Voss Utferdslag, Richard Jacobsen, tok føre seg starten då laget vart stifta 14. august 1933. Dei fyrste åra var det dei tradisjonelle sundagsturane som var i fokus, fram til 1980-talet. Så kom ei tid med stor aktivitet med hyttebygging.

Dei seinare åra har me fått Borna sitt turlag, DNT Fjellsport, DNT Ung Voss, DNT Senior og til slutt dei populære Stølsturane. Som ein ser har Voss Utferdslag stor aktivitet, både for liten og stor, ung og gamal.

Som avslutning på dagen, tok Paul Jarle med seg toradaren og ein flokk med turdeltakarar på ei musikalsk vandring rundt stølane på Liaset før ein gjekk ned til Lemme der bussen venta.

Takk for ein herleg og flott dag, dette var livskvalitet på sitt beste.

Bjørn Grande, Voss Utferdslag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.