annonse

Folkeliv på Prestegardslandet

MÅ HIT
MÅ HIT: Nils Kristoffer Kalve frå Austevoll (f.v.), og Anja Strømme og Martin Glesnes frå Sotra berre må på Veko kvart år og sykla downhill. (Foto: Bjørn Sandnes)
INNTEKTER
INNTEKTER: Ekstremsportveko gjev gode inntekter til Voss Røde Kors Hjelpekorps. Stig Magne Frøystein (frå v.) og korpsleiar Åsmund Rabbe får av og til tid til å setja seg ned og slappa av mellom slaga. (Foto: Bjørn Sandnes)
KJEKT
KJEKT: Det er veldig kjekt og sosialt å vera med som frivillig på Veko. Det meiner desse fire som arbeider i kafeteltet. Frå v. er Randi Førde (Voss), Sabrina Schlingmeyer (Hannover), Lise Løkhaug Rolandsen (Molde) og Anniken Haldorsen (Nesodden). (Foto: Bjørn Sandnes)
KALD
KALD: Det går mest i kald kaffi i finvêret, fortel Thomas Randgaard Larsen (frå v.), Kristin Kjølmoen Aarhus og Eirik Olsen frå Voss Kaffebrenneri på Mjølfjell. (Foto: Bjørn Sandnes)

Mange tusen utøvarar, gjester og dugnadsfolk frå nær og fjern gjer Veko til ein folkefest.

  • Bjørn Sandnes

Martin Glesnes og Anja Strømme frå Sotra sit og slappar av i ein sofa saman med kompisen Nils Kristoffer Kalve frå Austevoll.

Dei er alle her for å sykla downhill. Anja og Martin har vore på Veko kvart år sidan 2008, medan Nils Kristoffer er her for fjerde gong,

– Dette må me berre få med oss kvart år. Det er fantastisk natur, flotte folk og flotte arrangement som gjer at me kjem tilbake kvart år, seier Martin Glesnes.

Inntektskjelde

– Ekstremsportveko er den viktigaste årlege inntektskjelda til Røde Kors Hjelpekorps på Voss, fortel korpsleiar Åsmund Rabbe.

Han sit og slappar av saman med kollega Stig Magne Frøystein. Hjelpekorpset er til stades på alle arrangementa. Dei er på vakt frå tidleg morgon til festivalteltet stengjer på natta.

Fire av dei om lag 800 frivillige på Veko står og tappar øl og sel mat i kafeteltet. Randi Førde frå Voss, Sabrina Schlingmeyer frå Hannover, Lise Løkhaug Rolandsen frå Molde og Anniken Haldorsen frå Nesodden er alle samde i at det er svært kjekt å vera med som frivillig.

– Me treffer mykje trivelege folk og me får jo også festivalpass. Dessutan er det kjekt å kunna bidra til eit slikt stort arrangement her på Voss, fortel Randi Førde.

Kald kaffi

Voss kaffibrenneri, som held til på Mjølfjell, er mellom dei lokale næringsdrivande som er aktive på Veko. Og slik vêret har vore, er det den kalde kaffien som går best.

– Iskvit kaffi har vore ein fulltreffar. Han er kaldbryggja mellom 12 og 24 timar. Og den aller beste kaffien får me med vatn frå Mjølfjell, fortel eigar Thomas Randgaard Larsen.

Saman med Kristin Kjølmoen Aarhus og Eirik Olsen er han på plass frå morgon til kveld under heile Veko.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.