annonse

Førar til sjukehus etter krasj med bil

TIL SJUKEHUS:
TIL SJUKEHUS: Ei jente er sendt til sjukehus etter at ho og føraren på ein bil krasja i Skulestadtunet torsdag kveld. (Foto: Marita Saue Hamre)
RYKTE UT:
RYKTE UT: Politi og ambulanse rykte ut til ulukka torsdag kveld. Ei jente vart henta i ambulanse, og frakta til sjukehuset. (Foto: Marita Saue Hamre)

Ein kvinnleg førar er sendt til sjukehuset etter eit samanstøyt mellom moped og bil.

Marita Saue Hamre

Klokka 20:14 torsdag kveld melde Vest politidistrikt om ei trafikkulukke i Skulestadmo på Voss.

– Det har vore eit samanstøyt mellom ein bil og ein moped, seier Jostein Birkeland hjå Voss lensmannsdistrikt.

Føraren av mopeden, som var ei jente, er køyrd til Voss sjukehus med smerter i ein fot.

Inndrege førarkortet

Då Hordaland kjem til staden tek politiet bilete og snakkar med vitne.

– Me har ei grei oppfatning på kva som har skjedd, seier han.

Førarkortet til føraren av bilen er inndrege.

Opprettar sak

– Me opprettar sak etter ulukka, opplyser Birkeland.

Ulukka skjedde i Skulestadtunet i Skulestad på Voss. 

Politiet opplyste på Twitter at ulukka hadde skjedd i rundkøyringa i Skulestadmo, men det stemde ikkje.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse