annonse

Fordelte Hågen sine gåver

120.000
120.000: Kjersti Gulbrandsen Skattum og Håvard Skattum overrekte 120.000 kroner til musikkarbeid for unge på Voss. Pengane kom inn under gravferda til sonen Hågen Skattum. Knut Brunvoll, Marianne Hegland. Ingrid Kyte, Tonje Haukås Fosse og Gorm Nikolaisen tok imot gåvene fredag. (Foto: Marita Saue Hamre)

Hågen Skattum ville fredag ha fylt 22 år. Foreldra nytta den tunge dagen til å dela ut 120.000 kroner til musikkmiljøet på Voss.

Ørjan Brattetveit

– Det er vondt å tenkja på at han ville vore 22 år i dag. Det er i dag også nøyaktig eit halvt år sidan ulukka. Det gjer godt å gjera noko konstruktivt på ein så tung dag, seier mor Kjersti Gulbrandsen Skattum og far Håvard Skattum.

I Vonheim delte dei ut 50.000 kroner til Refleks Ten Sing til utstyr og musikkinstrument – spesielt til ein ny synth eller elpiano,

– Hågen sakna ein skikkeleg synth, fortel foreldra.

– Overvelda

Vidare gjekk 50.000 til musikklina på Voss Gymnas til etablering av utstyr i ein Black Box og 20.000 kroner til Voss Rockeklubb til diverse utstyr i bandrommet på kulturhuset.

Pengane vart gjevne i gåve i samband med gravferda til Hågen Skattum, som omkom i ei ulukke i forsvaret.

– Det er viktig å få fram at det ikkje er me som gjev pengane. Me formidlar vidare det andre har gjeve, seier Håvard Skattum.

I dødsannonsen skreiv foreldra at dei i staden for blomar ynskte gåver til musikkmiljøet for unge på Voss.

– Me er overvelda over responsen. Her har det kome alt frå 10 kroner frå unge, hundre kroner frå mange, personar som har samla inn pengar og verksemder som har gjeve større gåver.

Musikkelskar

Hågen Skattum var ein glad musikant som var aktiv i fleire musikkmiljø i heimbygda.

– Han gjekk tre år på musikklina, var svært aktiv i Refleks og likte seg godt i rockeklubben. Det var då naturleg at desse miljøa får gåvene, meiner foreldra som saman med borna Severin, Ludvik og Åsine kjenner ekstra på saknet ein slik dag.

– Severin er i forsvaret og på minnestund i Mauken i dag. Det er bra me er med på minnestunder både i nord og her heime.

Emosjonelt

Tårer, glede, sorg og minne prega utdelinga i Vonheim.

– Dette er veldig sterkt, veldig emosjonelt, seier Ingrid Tønnessen i Voss KFUK-KFUM saman med refleks-jentene Ingrid Kyte, Tonje Haukås Fosse og Marianne Hegland.

– Me har alt kjøpt synthen – han er på veg til Voss, kan dei fortelja.

Gorm Nikolaisen var ein nær ven av Hågen, og saman rocka dei fram glede i rockeklubben. Nikolaisen er leiar i klubben.

– Hågen var ein «musikkbingeunge». No skal me ordna bandlokala på ein måte han hadde sett pris på, seier klubbleiaren.

MUSIKKGLEDE
MUSIKKGLEDE: Hågen Skattum var ein glad musikant. Foto: Ingerid Jordal/Arkiv

Knut Brunvoll ved musikklina på Voss fortel at pengane m.a. skal nyttast til røykmaskin og laga liv – slik Hågen gjerne hadde gjort.

– Me treng ikkje ta imot noko papir på kva ein brukar pengane til, men det hadde vore kjekt å få sjå resultatet av gåvene, seier Håvard Skattum

Mykje kjærleik

Halvåret etter den tragiske ulukka på Mauken skytefelt, har vore tung for familien.

– Det er framleis utenkjeleg korleis me skal leva utan Hågen, men me veit at det skal gå på eit vis, seier foreldra.

Dei fortel at vener og kjende på Voss har vore ærlege og stilt opp. Folk har hatt lyst til å vera med å hjelpa og gjeve gåver til musikkmiljøet for dei unge.

– Det er mykje kjærleik på Voss. Det gjer livet lettare i sorga, seier Kjersti Gulbrandsen Skattum.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse