annonse

Forlét sovande kamerat på øy

Hovudredningssentralen Sør-Noreg måtte fredag ettermiddag redde ein mann som var forlaten av kameraten sin på ei øy i havet utanfor Stavanger.

Mannen i 30-åra tilkalla hjelp då han oppdaga at kameraten hadde forlate øya med båten dei kom medan han låg og sov.

Hovudredningssentralen sende redningsskøyta Sjømann for å plukke han opp.

Vakthavande redningsleiar Nils-Ole Sunde seier til Stavanger Aftenblad at mannen var våt og kald, og at han var utan mat og drikke. Dei to skal ha reist ut med båt torsdag.

– Det spørst vel om dei er så gode kompisar lenger, tvitrar Hovudredningssentralen Sør-Noreg. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse