annonse

Forskarar åtvarar mot farlege gangfelt

(NPK-NTB): Tusenvis av gangfelt i norske byar er dødsfeller for fotgjengarane. Det viser ei ny undersøking.

  • Ntb_admin Admin

I ei undersøking der 75 av dei meir enn 3.300 gangfelta i Oslo er undersøkt, viste det seg at 73 er farlege å bruke, skriv Dagsavisen.

– Gangfelta kan sjå trygge ut, men dei gir ein falsk tryggleik. Slik er det også i andre byar. Det er derfor eit stort behov for å kvalitetssikre alle dei mange tusen gangfelta i norske byar, seier Michael W.J. Sørensen, forskar ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Saman med kollegaen sin, forskar Tor-Olav Nævestad, står han bak ein stor rapport om dei mange farane ved gangfelt, skrive på oppdrag frå Oslo kommune.

Fotgjengarar har seks gonger så høg risiko for å bli drepne eller hardt skadd som det bilførarar har, konstaterast det i den nye TØI-rapporten.

– Vi anbefaler vesentlege endringar for 60 prosent av gangfelta vi har undersøkt. Enten ved at dei blir fjerna eller oppgradert. Denne høge delen er ikkje overraskande, ettersom gangfelta som er valt ut, er blant dei mest problematiske i Oslo, seier Sørensen.

Mindre endringar bør gjerast for endå 35 prosent av gangfelta, meiner

trafikkforskarane. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.