annonse

Forventar opning torsdag kveld

ARBEID
ARBEID: BaneNor heldt no på med omfattande arbeid for å få fiksa køyreleidningen som vart riven ned tysdag føremiddag. Her er arbeidsmaskinen på plass ved Hananipatunnelen. (Foto: Ingunn Halvorsen/BaneNor)

Mellom Arna og Dale er toget framleis innstilt. Det vil det vera fram til torsdag kveld.

Siri Flatlandsmo

Ein køyreleidning som forsyner toget med straum har blitt riven ned, og strekkja har vore stengd frå tysdag. Opphaveleg skulle den ha opna torsdag morgon, men no er opninga utsett til torsdag kveld tidlegst klokka 19:00. no heldt dei på å justere ledningane. 

– Det tek litt lenger tid enn me hadde forutsett, seier pressevaktsjef Randi Folke-Olsen i BaneNor, som svarar på telefonen frå bussen.

Også ho skulle ha vore på toget no.

Skadar på éin kilometer

– Det er omfattande skadar som er komne på ein køyreleidning og opphenget til leidningen som gjer at arbeidet tek tid, seier  Floke-Olsen.

Skaden er på omtrent ein kilometer mellom Vaksdal og Trengereid.

NSB organiserer no alternativ transport for lokaltoga mellom Arna og Dale, kor dei reisande vert henviste til andre tog mellom Bergen og Arna. Alternativ transport for regiontog er sett opp mellom Bergen og Voss.

Håpar på opning rundt klokka 17

Ein ny prognose for når strekkja opnar kjem mellom 13:30 og 14:00 ein gong. 

– Me har lagt ein forløpig plan om opning rundt 17-tida, opplyser Floke-Olsen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.