annonse

Fotgjengar stengde tunell på E16

Dalseidtunnelen på E16 vart stengd etter meldingar om ein mann som gjekk i tunellen.

Terje Hjartnes Ingvild Siglen Berger

Politiet fekk melding om mannen i Dalseidtunnelen i Vaksdal kommune, som tilsynelatande skulle vera rusa, klokka 16.05 onsdag ettermiddag.

Ein patrulje rykte ut til staden for å ta kontroll på personen, og tunellen vart stengd.

– Me fekk fyrst melding frå nokon som observerte mannen i Dalseidtunnelen. Innan patruljen kom fram fekk me ei melding til, då frå Trollkonetunnelen, fortel operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Like etter kom politiet fram til mannen, som vart snakka til og frakta ut av tunellen omkring klokka 16.40.

Etter dette opna tunellen att.

Ifylgje Halleraker har patruljen ikkje meldt tilbake om personen faktisk var rusa.

– Men det er uansett både farleg og ulovleg å gå i tunellar som dette, seier operasjonsleiaren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.