annonse

Frå brev til epost i forvaltninga

:

I dag må du gje uttrykkjeleg godkjenning dersom du ynskjer å motta digital post frå forvaltninga. I framtida vil dette prinsippet snuast, slik at digital post vert det vanlege.

Geir Geitle

Regjeringa vil gjennomgå lover og forskrifter for å fjerna unødvendige hindringar mot digitalisering av offentlege verksemder sin kommunikasjon, arbeidsform og tenester. Dette går fram av ei pressemelding frå regjeringa.

Snur prinsippet

- Mange av dagens lover og forskrifter vart laga på ei tid då me jobba med penn og papir. I dag er kvardagen ein annan. Me jobbar på pc-ar, kommuniserer elektronisk og arkiverer dokument digitalt, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

– Om me skal realisera den digitale forvaltninga, må me derfor tilpassa regelverket til digitale arbeidsformer og digital kommunikasjon.

Forvaltningslova stiller i dag krav om at mottakaren må godkjenna at enkeltvedtak kan sendast som digital post. Regjeringa ynskjer å snu dette prinsippet slik at post frå forvaltninga kan sendast digitalt med mindre mottakaren har reservert seg mot digital post.

Gjenbruk i det offentlege

Regjeringa vil også arbeida for at lover og forskrifter skal leggja til rette for at informasjon som er levert til éi offentleg verksemd, i større utstrekning enn i dag kan gjenbrukast av andre offentlege verksemder.

Det er også behov for å endra lovverket slik at forvaltninga kan bruka informasjon i offentlege fellesregister meir effektivt, til dømes opplysningar i Folkeregisteret.

- Gjenbruk av opplysningane skal ivareta personvernet til den enkelte innbyggjaren. Bruken skal avgrensast til opplysningar som er nødvendige og riktige for det føremålet det skal brukast til, seier Rigmor Aasrud.

Digitalisering

Ifylgje regjeringa sitt digitaliseringsprogram, er det ei rekkje vedtekter i lover og -forskrifter som avgrensar videreutvikling av offentlege, digitale tenester. Ei anna utfordring er at dei som utformar regelverk ikkje er tilstrekkeleg merksame på at utforminga av regelverk må leggja til rette for digitale løysingar.

Regjeringa vil arbeida for at regelverket kan leggja til rette for digitalisering. I tillegg til tilpasninger i eksisterende regelverk skal forslag til framtidig lov- og regelverk utformast slik at det understøttar og legg til rette for digitale tenester.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse