annonse

Frå folk til fjell på gondolkabinane

NYE KABINAR
NYE KABINAR: – Dei nye kabinane er raude og gule, for å ta opp att fargane til Dinglo og Danglo, seier adm.dir. i Voss Resort, Øyvind Wæhle og salssjef Synva Vinje. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Voss Gondol har snudd i namnesaka. Kabinane skal i staden få namn etter fjelltoppar i Voss herad.

Sigrid Seim

Juryen i namnesaka valde før helga å gå inn for namn frå fjelltoppar, i staden for namn på store idretts- og kulturpersonar i området. Dermed vert det lagt opp til ein ny runde med forslag frå publikum, og til slutt ei avstemming om dei ni namna som skal pryda kabinane.

– Engasjementet har vore veldig stort! Me fekk inn forslag på over 100 namn på personar innan kultur og idrett, seier adm. dir. Øyvind Wæhle i Voss Resort.

– I tillegg vart det eit tydeleg engasjement for ei alternativ løysing, med namn på fjelltoppar.

Inga skam å snu

Juryen valde å skifta over til alternativet som gjeld fjell. Men det betyr ikkje at dei store idretts- og kulturpersonane skal verta gløymde i anlegget.

– Me ynskjer å markera desse på ein litt annan måte, seier Wæhle. Namna tek dei med seg for å laga til ei utstilling eller ein vegg på Hangurstoppen, der gjestene får betre tid til å skaffa seg informasjon om desse personane.

– Me ynskjer å koma tilbake til korleis me løyser dette, seier Wæhle, som presiserer at det vert trekt ut også ein vinnar av sesongkort på gondolen mellom dei som sende inn forslag på namn..

– Det nye er at me har valt å satsa på fjelltoppar, i heile Voss herad, understrekar han saman med marknadskoordinator Linn Ravndal Norevik.

Kabinane vil verta merkte med namn og høgde på fjelltoppen. Som «Lønahorgi 1410 moh», til dømes.

Vinnarsjanse

Det vil verta trekt ut ein av dei som kjem med forslag, som får eit gratis sesongkort med gondolen. Etter at tida er ute vil juryen velja eit utval på inntil 15 fjell, og be publikum vera med på ei røysting over kva fjell dei ynskjer med. Dei ni som får størst oppslutnad vert dermed valde. Det vankar sesongkort også til ein av dei som er med på røystinga.

– Me fekk eit engasjement som var over det me hadde venta i fyrste omgang. No håpar me på like stort engasjement for fjelltoppane, lokkar Øyvind Wæhle og Linn Ravndal Norevik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse