Framleis fare for ras på Vikafjellet

Vil heller ikkje opna i dag, fredag.

Publisert 17.03.2017 kl. 07.24.

Vegen over Vikafjellet har vore stengd heile veka, og fredag morgon melder Statens vegvesen at han ikkje vil opna i løpet av fredagen heller. Det er fare for ras og uvêr som er årsaka til stenginga.

Også på Hardangervidda, Haukelifjell og Aurland-Hol er vegane stengd på grunn av uvêr.

Vegane over Hemsedalsfjellet og Filefjell er begge opne, men her melder Statens vegvesen at kolonne kan verta innført på kort varsel. Det er glatt, og større køyretøy vert oppmoda om å bruka kjetting.