annonse

Fredag kan verta rekordvarm

TURT
TURT: Bøndene er mellom dei som ikkje treng ein rekordvarm dag. Her trakkar bonde Lars Istad på ein knuskturr del av jordet. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Det opplyser Kristen Gislefoss.

Siri Flatlandsmo

 –  Det kan godt verta rekord. Spesielt på enkelte stader som er veldig skjerma for vind. Normalt sett er Voss ein slik stad, seier meteorologen.

32-33 grader

 – Det er indikasjonar på 32-33 grader på Voss på fredag. Det vert heller turt vêr, med lite skyer og lite vind.

Men dette gjeld ikkje berre Voss. I Ulvik og på Dale er det meldt 32 grader. Og i Granvin kan det fort verta 31 grader.

–  Det ligg eit varmebelte over Skandinavia som går i bylgjer, opplyser Gislefoss.

Tysdag la Meteorologene ut ein tweet med spørsmålet: – Kan det bli årets varmeste dag? Svaret, det er altså: Ja, det kan det.

Kan koma regn laurdag

Natt til onsdag kom det regn i Indre Hordaland.

– Enkelte stader kom det så mykje som 30-40 millimeter. Så skogbrannfaren er no redusert. Me valde å kutta varslinga om skogbrannfare i Hordaland, men har valt å behalda det i Rogaland, seier Gilsefoss.

Det vert no vurdert fortløpande om varselet må inn att. Men Gislefoss har gode nyhende for andre enn badeturistane:

–  Frå laurdag er det meld ustabile forhold og moglegheit for nedbør.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.