annonse

Frukt- og siderruta vann Årets Gullhane

FEKK PRIS
FEKK PRIS: Nils Lekve (t.v.) og Asbjørn Børsheim fekk Gullhanen 2018 av jurymedlem Christine Baglo. (Foto: Gullhanen)

Frukt- og siderruta i Ulvik vart heidra som vinnaren av Årets Gullhane under Hanen sitt landsmøte fredag.

Geir Geitle

– Det er veldig kjekt å få verdsetjing for det arbeidet ein jobbar med, seier ein god nøgd Asbjørn Børsheim ved Frukt- og siderruta i Ulvik i Hardanger.

– Me er tre verksemder frå ei lita bygd som har prøvd å jobba saman gjennom Frukt- og siderruta. Ein slik heider for samarbeidet er både inspirerande og moro, seier han. Prisen fekk dei ved ei tilstelling på Bjørnefjorden Gjestetun ved Os.

Kjerneverdiar

Årets GullHane vart etablert i samband med Hanen si 20-årsmarkering. Den årlege prisen er meint som ei påskjøning til ein medlem som har utmerkt seg positivt i tilknyting til organisasjonen sine kjerneverdiar; kultur, berekraft, omtanke og opplevingar.

Frukt og siderruta gjekk av med sigeren mellom nærare 500 medlemsverksemder i organisasjonen, opplyser dei i ei pressemelding.

Stemt fram

Siderruta er eit nettverk sett saman av tre gardar som tek imot grupper til omvising og smaksprøvar.

– Dette er aktørar som har hatt mykje å seia både for utviklinga av Hardanger som reisemål og for norsk drikke. Eg ynskjer å gratulera Frukt- og siderruta med ein særdeles velfortent pris, seier dagleg leiar i Hanen, Bernt Bucher-Johannessen.

Frukt- og siderruta er stemt fram av ein svært kvalifisert jury sett saman av Irene Halvorsen – sjefredaktør i Nationen, Christine Baglo – reiselivsjournalist i Dagsavisen, Bård Jervan – dagleg leiar i Mimir, Elisabeth R Heyerdahl – mangeårig konsulent innan reiseliv og Eivind Haalien – sjef for lokale mat- og drikkespesialitetar.

Fruktig samarbeid

– Me sel nesten 100 ulike produkt totalt på Frukt- og siderruta. Men like viktig er kanskje sjølve opplevinga ved å besøkja oss på dei ulike gardane, seier ein glad Asbjørn Børsheim på vegner av prisvinnarane.

– Å motta prisen er ei stor verdsetjing av samarbeidet vårt. I tillegg har det også ein stor marknadsføringsverdi som gjer at endå fleire blir kjende med ruta. Det blir litt som i Italia der du kan smaka vin frå ulike vingardar. Her kan du gå eller sykla frå gard til gard og få oppleva 12–13 ulike typar sider og masse andre smakar.

Frukt- og siderruta i Ulvik er sett saman av gardane Hardanger Saft- og siderfabrikk, Syse Gard – og Ulvik Frukt & Cideri.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.