annonse

Full mann krasja

:
Slik påverkar alkohol:

To bilar krasja ved Skorve aust for Evanger laurdag ettermiddag. – Den eine føraren hadde heile 2,1 i promille, melder politiet.

  • Brynhild Steine

Totalt fem personar var involverte i ulukka, men alle kom uskadde frå hendinga, som skjedde rett før klokka 15.00 laurdag.

– Den eine føraren, ein mann i 60-åra, blåste i alkometeret etter hendinga. Dette synte ein promille på heile 2,1! Mannen vart frakta til Voss sjukehus for blodprøve, seier operasjonsleiar Terje Hilland i Hordaland politidistrikt.

Bergingsbil frå Voss vart tilkalla, då ingen av bilane kunne køyra vidare, seier Hilland.

Både politi, brannvern og ambulanse kom raskt til staden, og vegen var ikkje stengd på noko tidspunkt.

Føraren som er sikta for promillekøyring, vart teken hand om av politiet.

Ifylgje Helsedirektoratet har personar med over to i promille ingen sjølvkontroll.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse