annonse

Full storm til kvelden

STORM
STORM: – For til kvelden vert det full storm både her i Hordaland og på Vestlandet elles, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt i Bergen. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

Ettermiddagen bør nyttast til å sikra hagemøblar og andre lause gjenstandar.

Rolf Tepstad

– For til kvelden vert det full storm både her i Hordaland og på Vestlandet elles, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt i Bergen.

– På kysten og i fjellet vil vinden liggja på 25 meter i sekundet, som tilsvarer full storm. I kasta vert det opp til 35 sekundmeter, og dermed lyt det påreknast ein del skadar.

Den verkeleg ille perioden vil vera mellom kl. 20 og 22 i kveld, opplyser Fagerlid.

Fryktar straumbrot

Alt som fangar mykje vind bør sikrast, eller om mogleg fjernast, lyder meteorologen si oppmoding. Han siktar i så måte spesielt til hagemøblar og lause gjenstandar på terrassar og anna nær bustadhusa.

– Sidan me framleis skriv september, og det enno er mykje lauv att på alle tre, kan det opplagt bli ein del nedfall av tre. Og store tre kan velta over straumlinjer. Dermed kan det også verta straumbrot, åtvarar Fagerlid.

Det er likevel ikkje orkanen Helena som no feiar over landet. – Restane av den kom hit tysdag, og gav oss ein uvanleg varm dag då. Dette er eit uvêr i bakkant av orkanen, forklarer meteorologen.

Betring utover sundag

– Kva med dagane vidare framover?

– Vinden vil løya alt utover natta til torsdag. Deretter vert det nokså mykje nedbør, i alle fall heile torsdagen. Fredag er meir usikker, men det ligg an til mykje nedbør då òg, kanskje i form av haglbyer. Også laurdagen vert våt, før det betrar seg utover sundagen. Og frå måndag vil både Voss og fylket elles få opphaldsvêr, seier Geir Ottar Fagerlid.

– Så då kan me pårekna ein godvêrsperiode?

– Tja, eg veit ikkje heilt. For når regnet endeleg tek slutt, er det stor fare for skodde. Så det verkar som me no lyt betala tilbake for finvêret i sommar. Med renter, legg statsmeteorologen til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.